Forside:Aust-Agder: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
m (Cnyborg flyttet siden Forside:Aust-Agder fylke til Forside:Aust-Agder)
 

Nåværende revisjon fra 2. jan. 2020 kl. 09:36

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Aust-Agder
09 Aust-Agder vapen.png
Aust-Agder var et fylke som grenset mot Telemark i nord og øst, og mot Rogaland og Vest-Agder i vest. Kystlinja grenser mot Skagerrak. Aust-Agder fylke tilsvarte i alt vesentlig det området som inntil 1918 hadde navnet Nedenes amt.[1] Den 1. januar 2020 ble det en del av det nye Agder fylke.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen
(2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2013)
Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa. I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap.   Les mer …

Systog 5.9.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.

Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her.   Les mer …

Gjerden 1965. Frå venstre Der Nord, Derinne og Attistog. I øvre, venstre biletkant skimtar ein Huldreheimen.
Foto: Fjellanger Widerøe

Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne.

På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350.

Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):

Udtaleformene [dvs. Jarinne (Nom.) og Jåro (Dat.)] svarer saa korrekt som det er muligt mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af Jǫrð, f. som meget hyppigt bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At navnet altid har været skrevet som om det var oldn. Gerði, n, Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde havt ganske andre Bøiningsformer.

Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare.

I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten (Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …

Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.

Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg.   Les mer …

«Bjaaen Turiststation» ca 1903. Mannen med det store skjegget er Knut B. Bjåen, til høgre for han står kona, Torbjørg S. Bjåen, og til venstre står Borgny Abrahamson frå Kristiansand, dotter åt August Abrahamson, han som tok biletet. Huset i bakgrunnen er Nor i stoga, det næraste er Su i stoga, som var turiststasjonen. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.

Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):

Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar.
Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale».   Les mer …

Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.   Les mer …
 
Se også
 
Kategorier for Aust-Agder
 
Andre artikler
  1. Achehougs og Gyldendals store norske leksikon.. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.