Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar

Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.

Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20.   Les mer …

Buss frå Arendal fotografert ved Trydalstjonni ein gong i 1930-åra, fyre vegomleggjinga i 1938. Fotografen, som heite P.M. Danielssen, gav ut biletet som prospektkort. Me har kortet frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Trydal er ein matrikkelgard i Bykle kommune. Når ein køyrer riksvegen nordetter frå Valle, kjem ein fyrst til Bjørnarå. Den neste grenda er Trydal. Grenda ligg etter måten lågt, i ein djup kvelv innunder Storefjøddet, med gardsbruka i ein ring kring Trydalstjønni, 515 moh. Utmarka femner åt Otre mot vest, Åsdokkine mot sud, Åsbrokkine mot aust, og mot nord deildar Trydalsgardane mot Berdalen og Bjones på toppen av Storefjøddet. I alt dreiar det seg om eit samla gardsvald på vel 25 000 mål. Utover dette hadde Trydal også rettar i allmenningen i Bykleheiane. Støylane var avgjerande for husdyrbruket gjennom idene, og liksom andre i Bykle dreiv trydølane med jakt og fiske, i presten Reier Gjellebøl si «bygdebok» frå slutten av 1700-åra vert Trydalstjønni utpeika som eit særleg godt fiskevatn. Dessutan var skogsdrifta viktig for økonomien, og hadde visseleg meir å seia i Trydal enn i dei delane av bygda som ligg høgre i lendet.

Når det gjeld tolkinga av gardsnamnet skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne, VIII (1902), som fylgjer:

1ste Led Try- antages at tilhøre et Elvenavn, hvis gamle Form ikke kjendes, se Gjerstad GN 29. S[ophus] B[ugge] antager [i] N[orske] El[venavne] , S. 338, at Elvenavnets gamle form var *T r y j a, afledet af oldn. t r e, n, Træ.
  Les mer …

Den kommunale badestoga frå andre halvparten av 1940-åra står omlag på same tomta som Hytta.
Foto: Aanund Olsnes
(2006)

Hytta var ei hustuft med litt jord innåt, som låg litt ovanfor Listog i Bykle.

Denne verestaden vart bortsett som plass under Innistog ein gong mot slutten av 1860-åra. Me veit berre om ein familie som har budd her, og dei var her berre til noko etter 1890. Etter krigen vart det oppsett ei kommunal badestoge her. Denne står framleis.

Dei som budde her var Dreng Torleivsson Åsen, kona, Sigrid Olavsdotter, fødd Mosdøl, og dottera, Tore. Dreng var frå Åsen Hoslemo, og han og huslyden hans hadde budd på det bruket i 15-16 år fyre dei laut derifrå i 1864 eller 1865. Hovudomtalen av dei er plassert i bolken om det bruket, men her lyt nemnast at dei etter tida i Åsen fyrst var eit bil på plassen Skadden under Mosdøl, inntil dei flutte hit. Vidare tek me med det me veit om dei etter at dei busette seg her.

I gardsarkivet i Innistog ligg ei husmannskontrakt om Hytta. Denne er skrive i 1873, og då hadde Dreng alt hadde budd her i fleire år. I kontrakta er det Tore Drengsdotter som får bygsla plassen, i staden for faren. Kontrakta er vitnefast underskrive, og ber alle teikn på å vera gyldig, men tinglyst vart ho aldri.   Les mer …

Uppistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.

Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.

Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:

Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.
  Les mer …

Loptet frå Myri. Dette er same huset som me har teikning av i bolken om Holen.
(2004)

Myri var det opphavlege hovudbølet på Holen i Bykle kommune. Store delar av innmarka på dette bruket var flat og meir eller mindre myrlendt. Rett sør for tunet var det dessutan ei djup myr, som rett og slett vart kalla Myri, så namnet gav seg sjølv.

Når me trur at dette bruket er den eldste verestaden på garden har fleire grunnar. For det fyrste hadde Myri eit lopt frå 1600-talet, medan Der uppe vanta slike klenodiar. For det andre reknar me med at Auver Auversson, som var odelsmannen då garden vart dela, om han aldri så mykje hadde pantsett bruket sitt, naturleg ville velje å verta sitjande på det gamle hovudbølet.

Auver Auversson døydde ein gong mellom 1708 og 1711 (sjå bolken om den udela garden). Dinest sat enka hans med bruket ei stund, og då dottera gifte seg, vart det ho og mannen hennes som overtok.   Les mer …

Systog Bratteland etter oppdemminga av Bossvatn.
Foto: Folke Nesland
(1978)

Systog låg jorde i jorde med Nordstog, og var ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. Bruket vart formelt utskilt frå hovudbølet så seint som i 1917. Men då hadde det eksistert som ein eigen verestad i minst 90 år.

Under omtalen av den udela garden har me fortalt at Ånund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter, kona hans, budde her, iallfall frå 1827 til 1832, og sidan frå 1837 til 1845. Dei neste me veit var her er Bjørgulv Tarjeisson og Targjerd Kjetilsdotter. Bjørgulv var oppsitjar og sjølveigar i Systog, heilt sikkert i åra 1859-1864, men truleg åtte han bruket frå 1852.

  • Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, f 1833, til Amerika med heile huslyden 1866
g 1859 m Targjerd Kjetilsdtr. Harstad, f 1832. Born:
  • Gunhild, f 1860
  • Kjetil, f 1862
  • Ingebjørg, f 1865
Foreldra åt Targjerd var Kjetil Danielsson Harstad og kona, Ingebjørg Tjodgeirsdotter, f Kvestad.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artikler