Ole Olsen Aaset. Foto: Ukjent kunstnar. Ole Olsen Aaset (fødd i Åmot, Hedmark 25. mars 1767, død same stad 22. mai 1825) var storbonde og skogeigar, forretningsdrivande og stortingsmann. Næringsverksemda var mangfaldig, og inkluderte trelasthandel, skipsfart, landhandleri og meir til. Han hadde eit vidt forgreina forretningsmessig, vennskapeleg og politisk kontaktnett til borgarskap og storbønder over store delar av Søraustlandet. Som politikar tilhøyrde han den fyrste bondeopposisjonen på Stortinget i 1821 og 1822, i krinsen rundt Jacob Hoel. Han hadde også lenge før 1814 og stortingspolitikken synt stort samfunnsengasjement og aksjonsvilje. Les mer …
Grøvelsjøen ( norsk) eller Grövelsjön ( svensk), sørsamisk Guevteljaevrie, er ein smal, nord–sørgåande innsjø som ligg i Engerdal kommune i Innlandet fylke i Norge og i Idre i Älvdalens kommun i Dalarnas län i Sverige. Namnet heng saman med det usamansette elvenamnet Grövlan (lokal uttale Grövla). Grövlan renn frå Grøvelsjøen nedetter Gröveldalen og munnar ut i Storån, som i sin tur munnar ut i Idresjön. Grøvelsjøen ligg 762 meter over havet og er 4,1 km² i utstrekning. Han er langsmal, med 6,6 km avstand frå nordligaste til sørligaste punktet og største breidd på i underkant av 800 meter. Ved vestsida krummar vatnet seg lett kring sida av Sjøhøgda ( Sjöhöjden, 1121 moh.) med ymse andre toppar attom, inkludert Digerhogna (1294 moh.). Les mer …
Lensmann Evenstads adgangstegn til Riksforsamlingen på Eidsvoll.
Ole Olsen Evenstad (født 23. september 1766, død 20. februar 1833) var skogeier, gårdbruker, lensmann og Eidsvollsmann.
Han ble født på Evenstad i Stor-Elvdal, og var sønn av skogeier, gårdbruker og lensmann Ole Olsen Evenstad og hustru Gjertud Helgesdatter Søstu Stai. Han giftet seg med sin kusine Kari Olsdatter Søstu Stai (1766–1833), og de fikk sønnen Ole Olsen Evenstad.
Ole var odelsarving til en av de største gårdene i Østerdalen. I 1783, bare 17 år gammel, overtok han lensmannsembetet etter sin far; det skulle senere gå i arv til sønnen. Da det var valg til Riksforsamlingen i 1814 var han nærmest selvskreven som bonderepresentant for Hedemarkens amt. Han utmerket seg under forhandlingene, både ved at han var en storvokst mann og ved at han kom med innsiktsfulle innspill. Henrik Wergeland skrev om han: "Lensmand Evenstad. En Kjæmpefigur af en Østerdøl, med større Forstand end Kjæmper pleier at have". Sammen med fire andre bønder la han fram et forslag om odels- og åseteretten under grunnlovsdebatten. Forslaget innebar blant annet arverett for kvinner dersom det ikke var mannlige arvinger i første ledd, et forbud mot å kaste ut moren fra gården etter skifte såfremt hun ikke giftet seg igjen. Deler av forslaget gikk gjennom. Les mer …
Peder Trønnes. Gjengitt etter Ivar Sæter Storelvedalen. Fotograf ikkje opplyst Peder Halvorsen Trønnes (fødd i Stor-Elvdal 1. juli 1829, død same stad 1908) var jurist, gardbrukar og aktiv i det kommunale liv i heimbygda, mellom anna som ordførar.
Han var fødd og oppvaksen på garden Nystu Trønnes i Stor-Elvdal. Foreldra var Halvor Botolfsen Trønnes (1794-1875) og Kari Halvorsdotter frå Atnaosen (1798-1888). Peder var ein av i alt 13 sysken, nummer fem i rekkja. Ein av brørne var språkmannen og folkeminnesamlaren Niels Trønnes.
Peder Trønnes gifta seg i 1860 med Anne Bergersdatter Nordstu Messelt (1830-1887), gardbrukardotter frå same bygda. Dei fekk eitt barn, Anne.
Som 14-15 åring drog Peder til Christiania, der broren Niels studerte på den tida. Peder fekk artiumsførebuande skulegang ved Nissens latin- og realskole, der han tok eksamen i 1849. Han tok juridisk embetseeksamen i 1857. Les mer …
|