Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920. Foto: Ukjent/Digitalt museum Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i Norges Kommunistiske Parti.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.
Les mer …
Amund Bentzen, bildet er utstilt i Singsås kyrkje. Foto: Singsås menighetsråd/Støren kirkelige fellesråd.
Amund Nøkleby Bentzen (fødd 17. mai 1903, død 19. mai 1969) var ein teolog og gardbrukar frå Hakadal. Han var sokneprest i Kjerringøy og Haltdalen. Under andre verdskrigen var han lokal leiar innanfor motstandsrørsla.
Under andre verdskrigen var Amund Bentzen leiar for Heimefronten i øvre Gauldal. Han vart arrestert av tyskarane i februar 1945, og utsett for særs harde påkjenningar under fangenskapet. På grunn av dette fekk han seinare problem med helsa. Ved Haltdalen kyrkje er det reist ein minnestein over Bentzen for innsatsen han gjorde i krigsåra. Les mer …
Boka Jødeproblemet og dets løsning ble først utgitt i 1939 under pdeudonymet Irene Sverd. Forfatteren var Halldis Neegård Østbye, som senere ga den ut under fullt navn.
Halldis Neegård Østbye (født 23. mai 1896 i Stor-Elvdal, død 19. oktober 1983 i Asker) regnes som en av de fremste ideologene i Nasjonal Samling. Hun var spesielt sentral i utviklinga av partiets antisemittiske politikk. Hennes karriere i partiet var på høyden før krigsutbruddet i 1940, og senere ble hun delvis fortrengt, men hun forble medlem av NS gjennom hele krigen. Hun er også knytta til historien om Splitkeinfabrikken gjennom sin mann Peter Schou Østbye, og var første leder i Damenes Skiklubb som ble stifta i 1931. Halldis Neegård var datter av Andreas Olsen (f. 1860 i Stor-Elvdal) og Alma f. Holter (f. 1866 i Son). Han var landhandler på Nordre Negard, og slekta hadde i minst ti generasjoner bodd på Negard. Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
Harald Ramm Østgaard. Foto: R. Ovesen, Kristiania.
Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.
Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.
Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum. Les mer …
|