Seminarlærer og ordfører Jens Jenssen.
Jens Jenssen (født 27. mars 1833 i Os, død 1885) var seminarlærer og ordfører i Hamar 1883-85. I enkelte kilder er etternavnet skrevet Jensen.
Jenssen var bondesønn fra Høsøien i Os i Nord-Østerdalen. Han tok lærerskoleeksamen i Klæbu i 1854 og begynte deretter som folkeskolelærer. Midt på 1860-tallet var han bestyrer for lærerseminaret på Tynset før det ble nedlagt. I 1868 ble Jenssen ansatt som tredjelærer ved det nyoppretta Hamar seminar, den seinere Hamar lærerskole. Han satt i stillinga til sin død i 1885. Les mer …
Faksimile frå Michael Østgaards minneskrift over faren Soland Jonsen. 1827. Soland Jonsen Østgaard (fødd i Os i Østerdalen 8. februar 1748, død same stad 11. juli 1826) var gardbrukar og handverkar på Nirstu Østgarden i Dalsbygda i Os. Han var far til Michael Østgaard og farfar til Nikolai Ramm Østgaard. Soland Jonsen var etter si tid og sin stand ein opplyst mann. Sonen Michael omtalar faren nettopp som ein opplyst bonde. Han hadde stor leselyst, og åtte sjølv «adskillige gode Bøger, især af Holberg».
Skrivemåten av namnet til Soland Jonsen følgjer her Michael Østgaard i den handskrivne Min Faders Minde frå 1827. I Bygdeboka for Os er skrivemåten lagt nærare det ein kan rekne med var den lokal uttalen i samtida, i moderne rettskriving: Solan Jonssen Østgarden, i daglegtale Solan Nirsen (dativ av bruksnamnet Nirstu.) Les mer …
Portrett av Hulda Garborg Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862 på Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område. Les mer …
|