Forside:Romanifolk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samer • finner/kvener • romanifolk • rom • jøder

Om Romanifolk
Romaniflagget
Romanifolk (òg bl.a. kalla reisande) er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige.

Det nomadiske levesettet og ein kultur som for mange verkar framand har ført til at romanifolk gjennom tida ofte har vorte utsett for overgrep av forskjellege slag, alt frå å verte jaga frå bygda til at barn vart tekne frå foreldra og tvangssterilisering.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Fant-Karl (også skrevet «Karl-Fant», «Ka'l-Fant») var en norsk romani/reisende musiker. Han regnes som en sentral formidler av valsemusikken som ble populær fra slutten av 1700-tallet. Det er mest sannsynlig at dette var Karl Johansen Rosenberg som levde ca.1775-ca.1855. Det fortelles at bygdespellmenn var begeistret for hans spill, og at «Fant-Karl» var læremester til storspellmann «Fel-Jakup» Jakob Olsen (Jakup Lom) (1821-1876) fra Skjåk i Gudbrandsdalen. Karl spilte sin tids «gammelmusikk», men han hadde med seg det siste nytt der han reiste, og dansglade ungdommen i avsides bygder strømte til når han og familien kom – det ble dans og moro! Slik ble han en slags katalysator av moderne impulser. I dag betraktes valsen som den eldste blant norske runddanser (gammeldans). Mange eldre valseslåtter i tradisjonene i Gudbrandsdalen, Trøndelag, Møre og Romsdal, Valdres og Østerdalen har historier eller navn som knytter dem til «Fant-Karl». Det finnes også en halling og flere springleiker som knyttes til han.   Les mer …

Svanviken arbeidskoloni lå i Eide kommuneNordmøre og ble drevet av Norsk Misjon blant hjemløse. Kolonien ble opprettet i 1908 og nedlagt først i 1989. I løpet av de femti første årene kolonien var i drift, hadde omtrent hundre familier opphold der, og blant dem var det rundt fem hundre barn. Hensikten med institusjonen var å få de reisende, som f.eks. taterne til å bli bofaste. Misjonen håpet at taterne gjennom botrening skulle bli til produktive fastboende borgere. Gjennom et kontraktsfestet lengre opphold håpet misjonen at taterne tilegnet seg kunnskaper, ferdigheter og vaner som ville gjøre det lettere leve som fastboende nordmenn. Videre skulle de lære å arbeide og livnære seg på lovlig vis. Misjonen hevdet at oppholdet var frivillig, noe det kan stilles spørsmålstegn ved. Mange havnet der på bakgrunn av bestemmelsene i løsgjengerloven. Andre ble plassert der med trusler om å miste barna om de ikke aksepterte et opphold. Det var begrensede muligheter for å bevege seg utenfor koloniens område, og taterne hadde heller ikke lov til å snakke sitt eget språk, som var romani. De hadde heller ikke lov til å kle seg tradisjonelt, drive handel eller spille egen musikk.   Les mer …

Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige. Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type.   Les mer …

Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Noreg (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsakleg lokalt. Rodi viser færre fellestrekk med romanés enn det austlandske og vestsvenske rommani gjer, men viser til attergjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore føreslege som det språklege opphavet åt rodi. Strukturelt ligg rodi nærmare norsk enn rommani gjer, men rodi skil seg likevel ut som eit eige språk i større grad enn fallet er med språkforma månsing. Av trekk som understreker rolla rodi har spela som løynspråk kan nemnast at talorda frå éin til ti gjerne har vore bytte ut med samiske former. I praksis utgjer språka rodi og rommani eit dialektkontinuum; Eilert Sundt si oppsummering av «Skøiersproget» (rodi) tek slik utgangspunkt i dei ordformene som er mest ulike rommani, mens Gjest Baardsen si skildring av «Skøiersproget» ligg svært tett opp til rommani med unntak av pronomena og ein del andre ord.   Les mer …

Romaniflagget
Romanifolk (òg bl.a. kalla reisande) er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Det nomadiske levesettet og ein kultur som for mange verkar framand har ført til at romanifolk gjennom tida ofte har vorte utsett for overgrep av forskjellege slag, alt frå å verte jaga frå bygda til at barn vart tekne frå foreldra og tvangssterilisering.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (18871967) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag i 1887. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. I sine seinare år budde Nils i Kristiansund. NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Romanifolk
 
Andre artikler