Harris Birkeland. Foto: Hentet fra Studentene fra 1923 (1950)
Harris Birkeland (født 30. juli 1904 i Ølen nåværende Vindafjord kommune, Hordaland, død 1. september 1961 i Oslo) var teolog, språkforsker og professor i semittiske språk. Harris Birkeland var sønn av landhandler og gårdbruker Ole Hansen Birkeland (1873-1952) og Kaia Veastad (1886-1955). Harris Birkeland tok examen artium i 1923. I 1929 tok han teologisk embetseksamen ved det teologiske fakultet i Oslo, og samme år eksamen ved det praktisk-teologiske seminar. Etter tre år som universitetsstipendiat disputerte han i 1933 med doktoravhandlingen Die Feinde des Individuums in der israelitischen Psalmenliteratur, om de gammeltestamentlige salmene. Les mer …
Bokn kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i 1847. Ho er soknekyrkje for Bokn sokn, som året etter at kyrkja stod ferdig vart overført frå Skudenes prestegjeld til nye Tysvær prestegjeld. Ho er einaste kyrkje i Bokn kommune, og står på grunnen til garden Boknaberg. Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste, som vi kan kalle Bokn mellomalderkyrkje, har vi ikkje fysiske spor etter. Vi veit at ei kyrkje vart riven i 1686, og døypefonten frå mellomalderen som står i kyrkja i dag tyder på at dette var ei gammal kyrkje. Ut ifrå mangelen på spor meiner ein at det må ha vore ei trekyrkje, truleg ei stavkyrkje. Les mer …
Cleng Peerson var medeigar i sluppen «Restauration», som i 1825 frakta den første gruppa av norske utvandrarar frå Stavanger til New York.
Cleng Peerson (fødd 17. mai 1783 i Tysvær, død 16. desember 1865 i Norse, Texas) var ein utvandrarpioner. I 1825 sto han bak den første organiserte utvandringa frå Noreg til USA, etter at han i 1821 hadde reist over på oppdrag frå kvekarane for å undersøkje forholda. I 1847 slutta han seg til det svenske samfunnet Bishop Hill i Henry County i Illinois. Dette var eit kristen-kommunistisk samfunn, der dei svenske utvandrarane eigde alt i fellesskap. Det var her han gifta seg med Maria Charlotta Dahlgren, som var 26 år yngre enn han. Truleg døydde ho under ein koleraepidemi i Biskop Hill i 1849. Cleng Peerson reiste frå Bishop Hill etter dette. Det har vore hevda at han ønska å danne eit tilsvarande norsk samfunn, med felles eigedom, men opplevinga frå Bishop Hill svara ikkje til forventningane. Cleng Peerson skreiv sjølv berre nokre få brev og avisartiklar som er kjend. Han fekk ein del kritikk for å drive amerikapropaganda; utvandringa var omstridt, fordi den tappa Noreg for arbeidsføre folk. Les mer …
Ferkingstad gamle kyrkjegard. Foto: Jan-Tore Egge (2018)
Ferkingstad gamle kyrkjegard ligg på garden Ferkingstad på Karmøy, nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i 1563, kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av svartedauden og seinare pestepidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og ca. 1 meter brei. Utvidingar har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet. Les mer …
|