Forside:Rein og reindrift

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Rein»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Rein og reindrift
Ung rein i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr som først og fremst hører til i dei arktiske og subarktiske klimasonane. I Skandinavia og nærområda finst det tre underartar av rein — fjellrein (Rangifer tarandus tarandus), svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus) og skogsrein (Rangifer tarandus fennicus).   Les mer ...

 
Smakebitar
Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.   Les mer …

Skoltesamar mjølkar ein rein, trulig i 1890-åra.
Ein mjølkerein (bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne.   Les mer …

Gjetarane i Trio var med på bygginga av Grønbue inne i Reinheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland
Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane.   Les mer …

Reinar i Norður-Þingeyjarsýsla på Island.
Foto: Chris Goldberg
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 17711787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Noreg, og blant dei som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selde seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen.   Les mer …

Ein rein spring forbi dormande pingvinarSør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.   Les mer …

Slubbo (lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten. Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett.   Les mer …
 
Kategoriar for Rein og reindrift
ingen underkategorier
 
Andre artiklar