Forside:Vik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Vik kommune
1417 Vik komm.png
Vik kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Sogndal og Lærdal i nord, Aurland i aust, Voss og Vaksdal i sør og til Modalen og Høyanger i vest. Administrasjonssenteret er Viksøyri, som er einaste tettstad i kommunen.

Jern- og metallvareindustri står sterkt i kommunen. Vik Ørsta, tidlegare Hydro Aluminium, er hjørnesteinsbedrift. Det er óg anna industri, mellom anna møbel- og maskinindustri. I landbruket finn ein mest husdyrhald, særleg småfe og geit. På Vangsnes og i Fresvik er det ein del fruktdyrking.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn (Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: "Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder."   Les mer …

Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje.   Les mer …

Smia på Brennene.
Foto: Margrete Berge Feidje
Smia på Brennene i Feios, Vik kommune, var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet. Me reiste opp på Brennene for å intervjua Jostein Tveit. Jostein er einebarn og son til Gudvin og Milla Tveit. Saman med kona Anna Tveit, har Jostein no ein stor familie. Intervjuet med Jostein Tveit om smia på Brennene er ein del av Feios kulturløype.   Les mer …

Liktvorane i Vik kommune ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under andre verdskrig. Frå slutten av 1939 fram til 1. mai 1940 var garden Liktvoren med det gode utsynet midt i Sognefjorden ein norsk luftvarslingspost. Etter dette tok tyskarane over. Fram til krigen slutta hadde tyskarane ein vaktstyrke på 8-10 mann på denne vaktposten 3 km frå Vikøyri.   Les mer …

Jakob Bøthun.
Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag.
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902.   Les mer …

Arnoldus Hille (1829–1929).
Foto: L. Szacinski (firmaet, ca. 1890–1900)
Arnoldus Marius Hille (født 14. mars 1829 i Fresvik i Leikanger, død 7. januar 1919 i Kristiania) var biskop av Hamar fra 1887 til 1906. Han regnes som en helt sentral person for utviklinga i Den norske kirke på slutten av 1800-tallet. Hilles gateHamar er oppkalt etter han. Hille var sønn av godseier og landhandler Wollert Krohn Hille og Elisabeth Marie Hess Lem fra Fresvik i Leikanger, i dag i Vik kommune, ved Sognefjorden. Han tilhørte en stor søskenflokk, der man blant andre finner kaptein og ingeniør Lars Mathias Hille den yngre. Han ble også svoger til Ole Rømer Aagaard Sandberg.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Vik kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar