Forside:Ørsta kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lars Aarskog
Foto: Norske skolefolk (1952)
Lars Aarskog (fødd 11. oktober 1891 i VartdalSunnmøre, død 19. november 1990) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag.   Les mer …

Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)

Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).

Kjende medlemmar av slekta


Det første skulehuset på Nordre Vartdal.

Det første skulehuset på Nordre Vartdal var den største Vartdalsaka Ulstein skulestyre hadde i åra fram til 1895. På denne tida var Vartdalstranda ein del av Ulstein prestegjeld. I april 1892 blei teikningane til skulehuset godkjend i skulestyret. I første omgong var det meininga å byggje lærarbustad i skulehuset, men amtsformannskapet gjekk imot dette og meinte at skulen fekk greie seg med eit rom for læraren. Etter mykje usemd blei den vesle skulestova bygd i 1893. Amtstilskotet var kr.1.200 kr og skulestova var 5,65 m i firkant og 3,05 m.høgt, plassert i ei skråning sentralt i bygda. Skulen blei truleg ikkje teken i bruk av elevar før hausten-93, dette er uvist.

Skulen hadde i 1905 eit tjuetals elevar. I 1910-1915 gjekk det nedover til berre 15, og heilt ned i 12 elevar, før det frå 1920 og utover aukar i ei bratt kurve. I 1930/31 var der heile 41 elevar. Så gjekk talet nedover att, til berre 11 elevar i 1945/46.   Les mer …

Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent.
Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå HornemannReins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar.   Les mer …

Ivar Aasen.
Ivar Andreas Aasen (5. august 181323. september 1896) var språkforskar og diktar. Han er mest kjend for å vera opphavsmannen til nynorsk, men det var Ivar Aasen som la grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk.
Ivar Aasen vart fødd på Åsen i Ørsta. Frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land, 1930.
Ivar Andreas Aasen vart fødd den 5. august 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune. Han var ein av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen.   Les mer …

Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ørsta kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar