Forside:Aust-Agder

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Aust-Agder
09 Aust-Agder vapen.png
Aust-Agder var et fylke som grenset mot Telemark i nord og øst, og mot Rogaland og Vest-Agder i vest. Kystlinja grenser mot Skagerrak. Aust-Agder fylke tilsvarte i alt vesentlig det området som inntil 1918 hadde navnet Nedenes amt.[1] Den 1. januar 2020 ble det en del av det nye Agder fylke.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen
(2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie.   Les mer …

Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2013)
Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa. I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap.   Les mer …

Byklumplasset ein gong i åra 1910-20. Foto Wilse, her etter ein kopi hjå Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog.

Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt.

Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen).

Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser.   Les mer …

Xylografi av August Schneider i Skilling-Magazin 1866. Teiknaren har teke seg ein del kunstnarleg fridom, skjønar me, men den næraste garden lyt vera Utistog, og det neste tunet er Innistog. Leonhard Jansen skaffa kopien av biletet.

Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda.

Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.»

Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …

Våningshus og lopt i Midbø Breive 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Midbø eller Der sø er bruksnummer 7 på matrikkelgarden Breive i Bykle kommune. I artikkelen om matrikkelgarden har me peika på at den fyrste delinga av Breive var ei todeling, og at dei to einingane som kom fram ved denne delinga vart kalla Der nor (eller Nor i stoga) og Der sø (eller Su i stoga). Sidan vart båe desse dela på nytt, og dei gamle namna svara ikkje lenger til det lægjet bruka hadde i tunet. Då vart Der nor av uti Der inne (og seinare Haugen), medan Su i stoga eller Der sø vart til Midbø. Me har kome til at bruket her er det nest eldste, eller, om ein vil, det som vart fyrst utkløyvd frå den udela garden. Den fyrste kjende oppsitjaren på denne eininga var ein mann som heitte Salmund. Johannes Skar har ei forteljing etter Svein Hovden om ein med det namnet, og Olav Bø har kome til at dette må vera den same Salmund-en som er den fyrste me kjenner frå skriftlege kjelder. I kommentaren sin til denne soga (Gamalt or Sætesdal III, 340) peikar Bø på at «forteljinga er mykje blanda med andre forteljngar om storskyttarar, m.a. Dyre Vaa frå Telemark og Per Gynt frå Gudbrandsdalen» og at «alle desse er historiske personar frå om lag same tida». Vidare er også «mykje folketru om jakt og veiding blanda inn i segnene om Salmund», seier han.   Les mer …

Jørgen Løvland er gravlagt i Æreslunden ved Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)
Jørgen Gunnarson Løvland (født 3. februar 1848 i Lauvland i Evje i Aust-Agder, død 21. august 1922 i Kristiania) var lærer og politiker (V), i en årrekke blant landets mest sentrale. Han var Norges første utenriksminister etter unionsoppløsningen i 1905, han var statsminister etter Christian Michelsen, og var også stortingspresident. Jørgen Løvland var sønn av gårdbruker Gunnar Olsen Løvland (f. 1811) og Siri Eilifsdatter Åneland (f. 1812). Han ble gift i 1884 med lærer Laura Mathilde Torkildson (1851–1938).   Les mer …
 
Se også
 
Kategorier for Aust-Agder
 
Andre artikler
  1. Achehougs og Gyldendals store norske leksikon.. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.