Eldre samisk salmebok som har blitt brukt blant lulesamane.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune. Les mer …
Husmannsplassen Kjelvik slik den er bevart som museum og samisk kulturminne.
Foto: Olve Utne (2009)
Kjelvik var en husmannsplass under Sørfjordmo i Sørfold kommune. Plassen eies av Sørfold Lokalhistorielag, og er et viktig samisk kulturminne. Den drives som en del av Nordlandsmuseet. Plassen ble rydda på 1700-tallet, i et område som lenge hadde vært brukt til reinbeite av lulesamer som vandra mellom Sverige og Norge. Husmannsfolket på plassen var etterkommere av reindriftssamer, som hadde beslutta å bli bofaste. Plassen var i drift som småbruk helt til den siste eieren døde i 1967. Les mer …
Bårjås er eit lulesamisk populærvitskapleg tidsskrift som blir utgjeve av det lulesamiske muséet og kultursenteret Árran (Tysfjord) på Drag i Hamarøy kommune. Tidsskriftet har komme ut sidan 1999 og kjem ut med eitt nummer i året. Les mer …
Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok. Les mer …