Forside:Modalen kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Modalen kommune
1252 Modalen komm.png
Modalen kommune ligg i Nordhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Høyanger i nord, Vik i aust, Vaksdal i sør og Alver og Masfjorden i vest. Administrasjonssenteret er Mo. Det er ingen tettstader i kommunen, som er den nest minste i landet etter folketal med berre 380 innbyggjarar i 2018.

Kommunen vart skipa i 1909, då han vart skilt ut frå Hosanger. Dei noverande grensene er frå 1964. Eksingedalen vart då overført til Vaksdal, medan Romarheimsdalen vart lagt til Lindås kommune.

Jordbruket, og særleg husdyrhald, var tidlegare viktigaste næringsveg i Modalen. Etter utbygging av Modalselva, med maskinkapasitet på omkring 195 MW, har kommunen hatt store kraftinntektar. Kommunen har satsa sterkt på IKT, og var den første i landet med breiband til alle husstandar og føretak. Små føretak i IKT-sektoren står i dag for dei fleste arbeidsplassane. Det er noko industri i kommunen; sand- og grusdrift og betongindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Faksimile fra Aftenposten 10. februar 1934: utsnitt av artikkel om Olav Nygard ved 10-årsminnet for hans bortgang.
Olav Nygard (født 10. juli 1884 på fjellgården Krossen i Modalen i Hordaland, død 11. februar 1924) var dikter, bonde og arbeider. Etter folkeskolen fikk Nygard et år på Nordhordlands Amtskole (1903-1904), og året etter gikk han på Møre Folkehøgskule i Ørsta, der Andreas Austlid var bestyrer. Læreren Olav Åsmundstad gjorde inntrykk med sin høytlesning av Shakespeare-drama. Nygard blei spesielt opptatt av engelsk dikting, særlig Keats og Shelley i tillegg til Shakespeare.   Les mer …

Ingerid Johanna Lavik (fødd 20. mars 1913 i Austevoll, død 23. september 2001 i Klepp) var husmor og folkeminnesamlar. I 1934 samla Lavik materiale frå Eksingedalen i Modalen som ho sendte inn til Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo. Lavik samla inn minne om skikkar knytte til bryllaup og jul, segn, forteljingar om dei lokale gardane, menneska og landemerka.   Les mer …

Hosanger kommune vart oppretta i 1885 då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. I 1909 vart Modalen kommune utskild frå Hosanger. Namnet kom frå tettstaden Hosanger. Kommunen dekka eit område som dels låg på Lindåshalvøya og dels på Osterøya, på både sider av Osterfjorden. I alt var arealet på 228 km².   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Modalen kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar