Forside:Sunnfjord

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert.
Foto: Ukjend fotograf/faksimile frå Nordmenn i Afrika - afrikanere i Norge (2002)
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.   Les mer …

Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Nikolaus Gjelsvik.
Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april 1866 i Askvoll, Sunnfjord, død i Oslo den 14. november 1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under Karlstad-forhandlingane under unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og Grønlandssaka. Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni.   Les mer …

Skolebygningen fra 1875.
Foto: Arild Nybø
(2002)
Nikka Vonens Pigeinstitutt ble grunnlagt i 1871 på gården Steia/Steien, Dale i Sunnfjord, av Nicoline (Nikka) Vonen og ble drevet fram til hun måtte legge den ned av helsemessige årsaker i 1907. Skolen hadde ikke eksamensrett og sto folkehøgskolene nær og tok opp rundt 25 elever årlig. Disse kom fra hele landet, og i noen tilfeller også fra utlandet. Lærerstaben var utstyrt med de nyeste skolebøker gav undervisning på folke- og middelskolenivå i fagene engelsk, tysk, historie, norsk, musikk, religion og matematikk. I tillegg ble det undervist i pianospill, sløyd, noe matlaging og hagestell. Fritiden ble brukt til lek og dans.   Les mer …

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup (født 30. august 1880 i Bremanger, død 21. januar 1928 i Førde) er rekna som ein av dei største norske kunstmålarane frå tidleg 1900-tal. Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup tilhøyrde den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat.

Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krohg i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjend for tresnittarbeida sine.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar