Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke.
Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.
Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.
Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla. Les mer …
Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert. Foto: Ukjend fotograf/faksimile frå Nordmenn i Afrika - afrikanere i Norge (2002)
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk. Les mer …
Det nye hotellet fra 1960, før utvidelsen i 1966. Dette er den fjerde hotellbygningen på stedet. (1960) Stalheim turisthotell, eller bare Stalheim Hotel, er et hotell beliggende på Stalheim, ca. 36 km øst for Voss langs E16 og 12 km vest for Gudvangen innerst i Nærøyfjorden. Det nåværende hotellet ble bygget i 1960 og utvidet i 1966. Det har idag plass til 220 gjester fordelt på 124 rom. Hotellet ligger ca. 380 m over havet på toppen av den berømte og beryktede Stalheimskleiva med utsikt utover Nærøydalen, som sammen med Nærøyfjorden ble tatt inn på UNESCOs verdensarvliste i 2004. Stalheim Hotel ble første gang åpnet 15. mai 1885 med 10 spartansk utrustede rom. Det ble bygget av Joh. Andersen, etter at han to år tidligere hadde opplevd lite suksess med «Jernbanehotellet» på Vossevangen. Stalheim Hotel ble på grunn av sin beliggenhet raskt populært blant turister fra inn- og utland. Les mer …
Foto: Arnfinn Kjelland (2010) Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, dei fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal.
Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod. Les mer …
Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag. Les mer …
Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll. Foto: Privat .
Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane i 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.
I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune (frå 2020 Øygarden kommune). Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen. Les mer …
Kong Oscars gate er ei gate i bydel Bergenhus i Bergen. Gata ble oppkalt etter Kong Oscar I i 1857, da Norge var i union med Sverige. Tidligere har denne gata vært kjent under navn som Sutarestretet (Skomakerstredet), Skredderstretet, Adelgade og Hospitalsgaden. Kong Oscars gate går fra Bryggesporen til Stadsporten, og passerer på veien bl.a. Korskirken og Bergen domkirke. Kryssende gater er Hollendergaten, Nedre Korskirkeallmenningen, Øvre Korskirkeallmenningen, Skostredet, Domkirkegaten, Lille Øvregaten, Nygaten, Mollesmauet, Danckert Krohns gate, Tverrgaten, St. Jørgens gate og Strømgaten. Les mer …
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare. Les mer …
|