Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll. Foto: Privat .
Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.
I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen. Les mer …
Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal ( goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n ( Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t ( Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar. Les mer …
Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf). Østlandsk reisning var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som samnorsk. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.
1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren Ernst Håkon Jahr er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving. Les mer …
|