Forside:Høyanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Høyanger kommune
1416 Hoyanger komm.png
Samfunnshuset i Høyanger med Høyanger bibliotek.
Foto: Siri Iversen (2017)
Høyanger kommune ligg i Ytre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane) og grensar til Fjaler og Gaular i nord, Sogndal og Vik i aust, Modalen og Masfjorden i sør og Gulen og Hyllestad i vest. Administrasjonssenteret er tettstaden Høyanger. Andre tettstader i kommunen er Austrheim og Kyrkjebø. Kommunen vart oppretta i 1964, då Lavik og Kyrkjebø kommunar vart samanslegne. Eit par garder i Vik vart òg lagt til den nye kommunen.

Høyanger er ein industrikommune. Største foretak er Norsk Hydro, med mellom anna Høyanger Metallverk. Det er òg fleire fabrikkar som lager bildelar. Det er stor kraftproduksjon i kommunen, noko som var ein føresetnad for etableringa av den kraftkrevjande industrien. Jordbruket er mindre viktig, men det er ein del husdyrhald i Høyanger.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Elevar på husmorskulen i 1936/1937.
Lavik kommunale husmorskule i Sogn og Fjordane var ein husmorskule på den gamle futegarden Alværa utanfor Lavik sentrum. Skulen starta i 1922, var driven av Lavik kommune og utdanna over 600 jenter innan husstell og husmoryrket i dei 34 åra den var open. Det siste kullet gjekk ut frå husmorskulen i 1956.   Les mer …

Einar Førde i yngre år.
Einar Førde (født 20. januar 1943 i Høyanger, død 26. september 2004 i Oslo) var mangeårig Arbeiderparti-politiker, herunder stortingsrepresentant, statsråd, parlamentarisk leder og nestleder i partiet. Han var en ledende kraft innen ideologimoderniseringen av Arbeiderpartiet på 1980-tallet, og gjorde seg bemerket som en skarp taler og meningsbærer. I 1989 gikk Førde ut av politikken og ble kringkastingssjef, en stilling han hadde fram til 2001.   Les mer …

Sigurd Kloumann fotografert rundt 1930.
Foto: Ukjent/Oslo Museum
Sigurd Kloumann (født 1. juli 1879 i Vadsø, død 18. januar 1953) var ingeniør, i samtiden kjent som en betydelig vannkraftutbygger og industrigründer. Han var blant annet involvert i etableringen av Norsk Hydro, var byggeleder for Norsk Hydros første fabrikkanlegg på Notodden, samt Vemork kraftstasjon og fabrikkanleggene på Rjukan, og var deretter direktør for Norsk Aluminium Company fra 1916 til 1945. Kloumann regnes gjerne som grunnleggeren av det moderne Høyanger.   Les mer …

Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

O.E.Holck. Maleri frå 1896 av H.Balling «efter et Profilklip og Beskrivelse»
Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær i krigane 1808 og 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk, i pakt med samtidas embetsmannsideal om å verke som foregangsmenn i jordbruket.   Les mer …

Fil:Faksimile Aftenposten 1975 Hygen.JPG
Faksimile fra Aftenposten 18. oktober 1975: Utsnitt fra nekrolog over Hans Fredrik Hygen.
Hans Fredrik Hygen (født i Kristiania 12. januar 1884, død 15. oktober 1975) var sivilingeniør og industrileder, blant annet var han direktør ved A/S Norsk Aluminium Co. i Høyanger i over 30 år. Hygen engasjerte seg i lokalsamfunnet i Høyanger, og var blant annet styremedlem ved Høyanger sykehus 1933-55. Etter at Hygen gikk av som pensjonist i Høyanger i 1955 flyttet han til hovedstadsområdet.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Høyanger kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar