Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia
Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.
Telavåg er særleg kjend for
represaliane etter ei trefning i
1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til
Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai
1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i
Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på
Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om
Englandsfarten og
Shetlands-Larsen.
Les mer …