Forside:Stjørdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stjørdalen (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherred • Namdalen
Tydal • Selbu • Meråker • Stjørdal

Om Stjørdalen
Stjørdalen i Trøndelag fylke er eit dalføre og eit distrikt kring det søraustlige hjørnet av Trondheimsfjorden. Sjølve dalen går frå Storlien rett over grensa til Åre kommune i Sverige og gjennom Meråker kommune og Stjørdal kommune til han renn ut i Trondheimsfjorden ved Hell. Via Leksdalen og Tømmerdalen er det samband til Selbu kommune og Tydal kommune i Neadalen, og desse kommunane blir tradisjonelt òg rekna til Stjørdalsdistriktet. Distriktet svarer i hovudtrekk til Stiǫrdǿlafylki i Uttrøndelag i norrøn tid.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Peder Pedersen Aune (født 1820 i Tydal, død 1882 i Minnesota) var gardbrukar, og var sannsynlegvis den fyrste som utvandra frå Tydal på 1800-talet. Han vart med på ein ekspedisjon som drog frå Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og var med på å etablere byen Joinville i Brasil føre han kom fram til gullfelta. Seinare kom han heim og busette seg på Røros, men vart berre buande der i ti års tid før han utvandra på nytt til Minnesota.   Les mer …

«Erik Olsens Fotografiske Atelier». Fra Det gamle og det nye Trondhjem (1907).

Erik Olsen (født 2. mai 1835 i Meråker, død 16. oktober 1920 i Trondheim) var kontorist, fotograf og papirhandler.

Han arbeidet først på bergskriverkontoret i hjembygda, var så proviantskriver på Røros i 1863. Hadde deretter forskjellige kontoristjobber til han 1. juni 1869 overtok Charles Foss atelier på Brattøra i Trondheim (Meisterlins Gaard) etter å ha gått i lære hos ham. I 1882 (muligens allerede i 1879) kjøpte han Søndre gate 6 og flyttet atelieret dit i 1883. I folketellinga 1885 er han oppført på den adressa som fotograf og papirhandler. Fra 1902 var han i Olaf Trygvesøns Gade 21, og fra 1910 i Schultzgd. 7. Han var Domkirkens faste fotograf fra 1870 til ca. 1916/1917.   Les mer …

Waisenhuset i Trondheim, bygning fra 1772.
Foto: Jensens
(2007)

Thomas Angells Stiftelser ble oppretta etter at Thomas Albertsen Angell døde den 19. september 1767. Etter at Thomas Angell hadde brutt med sin niese Karen Angell og hennes mann Peter Fredrik Suhm hadde den rike kjøpmannen ikke lenger noen naturlige arvinger. Den 28. september 1762 skrev han derfor et testamente, der han ga sin arv til flere forskjellge veldedige formål, til fordel for innbyggerne i Trondheim. Stiftelsene eksisterer fortsatt, og ledes per 2017 av direktør Ingrid Stenboe Svendsen.

Da Angell døde, besto formuen av 18 av 180 parter i Røros kobberverk, et stort antall gårdparter – blant annet 143 i Nordland og 70 i Selbu og Tydal – med tilhørende kongetiende, flere kirker i Strinda prestegjeld, aksjer, obligasjoner, utestående fordringer og en kontantbeholdning på 11 845 riksdaler. Totalt var det verdier for 300 000 riksdaler, og mye av dette var også eiendommer som ville gi inntekter i lang tid framover. Det regnes som en av de aller største formuene i landet i 1760-åra.   Les mer …

Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Johannes Sejersted. Kunstnar ukjend.
Johannes Klingenberg Sejersted (fødd i Flå i Melhus den 7. april 1761, død i Trondheim den 17. september 1823) var offiser og oppnådde generalløytnants grad. I nær 30 år av sin militære karriere var han i teneste i Danmark. Sejersted fekk ei sentral militær rolle i storhendingane i 1814. Han var fyrste sjefen for den norske generalstaben frå 22. mai 1814 og stabssjef hjå Christian Frederik under krigen i 1814. Sejersted var også med ved viktige politiske hendingar i opptakten til lausrivinga frå Danmark. General Sejersted er den mest kjende representanten for det som kan kallast offisersdynastiet Sejersted. Det starta med bondeguten Hans Knutsen Sejersted (ca. 1666-1750) som vart premierløytnant. Han var frå garden Serstad (Seierstad) i VestbygdaØstre Toten, son av Knut Eynersen Seierstad. General Sejersted var oldebarn (sonesons son) av Hans Knutsen.   Les mer …

Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent.
Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå HornemannReins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar.   Les mer …
 


 
Kategorier for Stjørdalen
 
Andre artikler