Målfrid Longva. Foto: Stortinget
Målfrid Longva f. Myklebust (fødd 20. januar 1925, død 9. september 2012) var kafé- og kantinestyrar i Haram. Frå 1973 til 1981 var ho óg vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet. I 1978 og 1979 møtte ho fast på Stortinget.I 1940-åra fekk ho ein lærarstilling i Haram, utan å ha formell lærarutdanning. Der traff ho Kaspar Longva. Som nygifte flytta deg til Brattvåg. Kaspar Longva sin far kjøpte ein tomt til dei der, då han meinte at eit ungt par ville ha ei betre framtid der enn ute på øyane. Ho fekk seg lærarjobb på Alvestad. Etter eit år byrja ein periode på 18 år som husmor med småunger. Frå 1957 til 2006 budde ho i Bjørklia 8 i Brattvåg.
Frå 1968 til 1979 fekk ho jobb på Haugstad Kafé i Brattvåg. I 1973 vart ho vald til vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet, men ho fortsatte kafédrifta. I januar 1978 vart ein av dei faste representantane frå Møre og Romsdal, Asbjørn Reidar Jordahl, utnemnd til samferdselsminister. Longva møtte difor fast på Stortinget fram til oktober 1979. Ho sat óg i kommunestyret i Haram frå 1965 til 1979. Innafor den perioden sat ho óg i ein rekke lokale utval, som skulestyret og bygningsrådet Frå 1975 til 1979 sat ho på fylkestinget i Møre og Romsdal, og ho var nestleiar i Rikstrygdeverket sitt styre. Les mer …
Lars Aarskog Foto: Norske skolefolk (1952) Lars Aarskog (fødd 11. oktober 1891 i Vartdal på Sunnmøre, død 19. november 1990) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag. Les mer …
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (fødd 8. september 1846 i Kinsarvik, død 21. juni 1925, same stad) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Ivar Andreas Nordang. Foto: Hentet fra Studenterne fra 1877 (1902)
Ivar Andreas Nordang (født 26. september 1856 i Hjørundfjord i nåværende Ørsta kommune, død 13. februar 1933) var jurist. Han var sorenskriver i Vardø, senere i Nordfjord, før han avsluttet sin yrkeskarriere som sorenskriver i Tune ved Sarpsborg. På 1890-tallet var han dessuten ordfører i Vardø. Ivar Andreas Nordang var sønn av gårdbruker Peder J. Nordang (1798-1870) og Anne Ingeborg Stennæs (1811-1891). Han var først gift, i 1886, med Louise Charlotte Kåsbøll (1864-1890), deretter, i 1891, med Andrea Monsen (1868-1896), og til sist, i 1898, med Betty Klæboe (1868-1953). Les mer …
Andreas Austlid. Foto: Ukjent Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926 på Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke. Les mer …
|