Gunnar Aakhus Foto: Norske skolefolk, 1952 Gunnar Aakhus (fødd 26. september 1885 i Bygland, død 9. januar 1970) var lærar og skulestyrar. Lengst verka han i Kragerø.
Han var son av bonde Aanund G. Neset og Gro Danielsdotter. Aakhus gjekk jordbruksskulen og tok eksamen ved Notodden lærerskole. Seinare tok han fleire lærarkurs og gjekk ein vinter ved danske høgskular. Les mer …
Truleg har Peder her fotografert kona si. Foto: Peder B. Frøysnes (ukjend) Peder Bårdsen Frøysnes (født 20. desember 1859 på Sandtveit i Hægeland, død 1. desember 1928) var omreisande fotograf. Bilete finst i Gamle Bergen Museum og på Setesdalsmuseet på Rysstad, sjå Knut Jonsson Heddis samling, truleg også andre stader.
Peder vart fødd på den vesle garden Vintermyran under Sandtveit i Hægeland (Vest-Agder), og foreldra Anne Katrine Ånonsdotter (f. Tjomsås, 1830–1891) og Bård Simonson (1824–1891) let guten døype 15. januar 1860. Han var den sjette av ein syskjenflokk på ni, fire brør og fem systre. Faren arbeidde som «lastehugger» og åtte den vesle garden. Han sette upp huset dei budde i, og dei hadde tre sauer. Ein gong mellom folketeljinga 1865 og 1869 vart bruket seld for 30 spd., og familien tok med hus og alt til Frøysneset. Der fortel folketeljinga 1875 at faren arbeidde som «fyrbøder ved dampskibet i Sætersdalen» ved sida av at han var husmann. I 1875 hadde Peder allereie reist heimanfrå.
6. juli 1893 vigde han med Gyro (skrive som Guro i folketeljingane), dotter til Torbjørg Olsdotter Helle (1842–1885) og Olav Bjørnson Uppstad (1834–1890) i Valle prestegjeld. Ho kom frå husmannsplassen Mo nede ved Otra i Hylestad (Setesdal). Peder er «fotografist, f.t. Kvæstad» i Valle. Frå Setesdal reiste dei over fjellet til Dalen, der han arbeidde som fotograf.
I folketeljinga 1900 bur han, Gyro og tri ungar på Tønsberg i Mo i Telemark, som no er ein del av Tokke kommune. Her budde familien frå 1898 til 1905. Ti år seinare er dei busett på Nystad i Mo, og kalla «Hyttebyen». Pe(r)der er «Husmand Veivogter» medan Guro tek seg av huset og driv kaffihandel. Seks ungar he dei fengje, yngstedottera Selma er berre 9 månader då teljinga fann stad. Les mer …
Nordstog 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Nordstog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Den opphavlege Stavenesgarden vart dela i to einingar ein gong langt attende i tida, helst i vikingtid eller tidleg mellomalder. Me reknar med at den eine av desse einingane var ihopsett av Nordstog og Teigen, medan Utistog og Systog utgjorde den andre.
Nordstog/Teigen har så på eitt eller anna tidspunkt hamna i eiga til Valle sokneprestembete, som ein del av det det såkalla prestebordsgodset. Eit brev frå 1592 viser at denne eigedomsoverdraginga var ein del av ei større gåve til kyrkja frå ei gruppe av dei rikare bøndene i Valle, mellom desse truleg oppsitjaren på Hoftuft, men kva tid denne overdraginga gjekk fyre seg er ikkje nemnt i brevet. Me reknar likevel med at det var fyre 1540, etterdi ihopdraginga av kyrkjegods slutta i og med reformasjonen.
Nordstog/Teigen var altså lenge eitt bruk, der eldste verestaden var Nordstog. Teigen vart kløyvt ut noko etter år 1700, om lag på same tida som Systog vart skilt ut frå Utistog. Men i motsetnad til delinga mellom Utistog og Systog, der sistnemnde var berre 1/4 av den opphavlege eininga, vart den gamle Nordstog/Teigen-eininga dela midt i to, så dei vart ståande med ei landskyld på 6 kalveskinn kvar.
Fyrste oppsitjaren me veit om på prestebordshuda i Stavenes er ein Åsmund, som i den eldste av landskattelistene vert nemnd som ein av ei gruppe «husmenn» i Bykle i 1610. Husmann i vår tyding av omgrepet var han nok likevel ikkje, såvorne dukka ikkje opp fyrr ein del tiår seinare. Men i Danmark hadde dei husmenn, og når nå futane i Noreg hadde bruk for ei nemning for jordbrukarar med låg skatteevne, treiv dei til husmanns-omgrepet. «Husmannen» Åsmund kverv frå kjeldene etter 1610, og me veit ikkje meir om han. Les mer …
Lislestogbui som ho såg ut fyre Torjus Stavenes bygde henne om. Biletet her er eit utsnitt av eit større bilete, som er sikkert tidfest til 1933. Det kjem frå Ingebjørg Vegestog.
Lislestog er eit leigetomtområde under Utistog og Innistog i Bykle. Det ligg rett ovanfor kyrkja på motsett side av vegen. Parsellen, som han nå er, vart utskilt og matrikulert i 1967 og 1995, men her har vore hus og aktivitet mykje lenger. Nå er det bygdetun, men då staden fyrst vart bygd, var det kråmbu. Han som sette i gang med handel her var Ånund Å. Tveiten, den tredje av sønene åt Ånund Hallvardsson i Heimtveiti.
- Ånund Ånundsson Tveiten, f 1849, d 1912
- g 1875 m Sigrid Olavsdtr. Dysje, f 1835, d 1911. Born:
Sigrid Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland på Dysje og kona, Tone Tarjeisdotter. Les mer …
Utistog 9.4.2003. Foto: Aanund Olsnes
Utistog på Byklum i Bykle kommune ligg i dag på vestsida av Innistog og i breidd med dette.
Den gamle gards- og ættesoga (111) har ikkje kjennskap til nokon oppsitjar på dette bruket fyrr innpå 1700-talet, men det er likevel all grunn til å tru at dette bruket er like gamalt som Innistog og Austistog, og vart etablert som eiga eining samstundes med desse. Dette var på den tid då åsmundssønene dela garden, meiner me, og vidare meiner me at den fyrste som sat på bruket her var Folke Åsmundsson.
Nå les me i den nemnde boka ( 117) at Folke budde i Austistog Byklum, åtte det bruket og hadde sønene Tarjei og Jon, som sidan sat der. Vel har me funne ein Tarjei og ein Jon med farsnamnet Folkesson i Austistog, men etter dei kjeldestadene der me har sett dei omtala, var desse søner åt Folke Tarjeisson Dale, og altså ikkje åt Folke Åsmundsson Byklum. Korleis dei hamna i Austistog kjem me attende til under det bruket, men namna på sønene gjev då ingen grunn til å plassere Folke Åsmundsson i Austistog, og fordelinga av familiane på dei ulike bruka i ettertida tyder på at han ikkje var der. I Innistog eller Uppistog var han heller ikkje, og då lyt han mest ha hatt Utistog.
Vallesoga ymtar forsiktig om at Folke Åsmundsson Byklum kunne vera identisk med Folke Åsmundsson i Nordstog Berg ( Valle III, 372), men dette vert berre presentert som eit «framlegg», og altså ikkje rekna for nåme nære sikkert. Men framlegget tykkjest å ha meir fyre seg enn Alfred Ryningen torer tilleggje det. For det fyrste hadde Folke Åsmundsson Berg heilt sikkert ein son som heitte Kjetil, og for det andre er det like sikkert at denne Kjetil-en budde i Byklum. Når nå også skattelistene viser klårt at Kjetil Folkesson overtok eigedomen i Byklum etter Folke Åsmundsson noko fyre 1660, manntala frå 1660-åra heimfester han sikkert her for oss då, og ei rettssak frå 1673 viser at han framleis var her det året, skulle det vera temmeleg støtt grunngjeve at det må dreie seg om dei same folka ( jfr Valle III, 371, 512). Les mer …
Stogebygningen vart oppført i tømmer for Tarjei Pålsson i 1950. Vel så 10 år seinare fekk utvendes paneling. Foto: Aanund Olsnes (2003)
Torsbu i Bykle kommune er eit av bruka på Mosdøl, men var opphavleg ein del av Byklum.
Det er rimeleg å tenkje seg at namnet Torsbu må koma av at det har budd ein som heitte Tor her eingong i tida. I den gamle gards- og ættesoga (117) står det likevel at «det eldste namnet er Nistog», og me har ingen grunn til å draga i tvil at Nistog-namnet har vore nytta. Kva for namn som er det eldste er likevel eit anna spursmål, men me har ingenstad funne nemnd nokon Tor som budde her, og vil då helst tru at det må ha vore ein som heldt til her så langt attende at det ikkje finst skriftlege opplysningar om han.
Eit anna spursmål me gjerne skulle ha hatt svaret på, er kvifor dette bruket er matrikkelført under Mosdøl, endå det ligg inne i Byklum-gardsvaldet. Fyrste venda me har sett at bruket vart skrive under Mosdøl er i 1838-matrikkelen, og at oppsitjaren her då var frå Mosdøl, er på det reine. Men at eit slikt eigartilhøve skulle føre til at bruket vart overført frå den eine matrikkelgarden til den andre, er ikkje lett å skjøne. Frå gamalt av, og iallfall fram til og med 1820, vart Torsbu rekna som ein del av Byklum.
Når dette er fastlagt, vert det neste spursmålet kva tid bruket vart utskilt, og kven som var den fyrste kjende oppsitjaren her. I den gamle gards- og ættesoga (118 ) står det at Olav Ånundsson var her i 1723, og vidare at «med han ser det ut som at Nistog er skilt ut frå Uppistog». At Olav Ånundsson var fyrste oppsitjaren her er rett, men han var frå Innistog, og då han overtok her, hadde eigedomen lenge høyrt til Innistog-folket. I bolken om Innistog har me også fortalt at Olav Ånundsson overtok 6 skinn i Byklum på skiftet etter Jon Olavsson, farbror sin, i 1711. Olav var son åt Ånund Jonsson Byklum. Les mer …
|