Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Alfred Gjengedal (fødd i Gloppen 25. november 1904, død i Lom 1995) var teolog og skulemann. Det meste av yrkeskarrieren sin var han styrar/rektor ved Lom og Skjåk realskule i Lom.
Foreldra var Anders Jakobsen og Ane Gjengedal, som dreiv gard i Hyen sokn i Gloppen i Nordfjord.
Alfred Gjengedal gifta seg i 1938 med Martha Elisabeth Rønnekleiv (1904-1984), dotter på ein annan gard i same bygda. Alfred og Martha fekk fem born: Audun (fødd 1939), Kristi Synnøve (fødd 1940), Arvid (fødd 1943), Anstein Birger (fødd 1944) og Sigrun Dorthea (fødd 1946).
Alfred Gjengedal gjekk på latinlinja ved Firda landsgymnas, og studerte deretter teologi i Oslo. Han tok embetseksamen i 1936, og vart ordinert til prest. Han var ei tid hjelpeprest i Gransherad. I 1939 fekk han stilling som styrar for Skjåk private millomskule, og budde da eit års tid på Nedre Hjeltar i Skjåk. Skulen vart året etter flytta til Lom, og Gjengedal-familien følgde med dit.
Etter at realskulen var nedlagd i 1968, var Gjengedal eit års tid lektor ved eit gymnas i Bergen (1968-1969). Deretter arbeidde han i ungdomsskulen i Skjåk til han gjekk av med pensjon (1974).
Les mer …
|