Forside:Aust-Agder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Aust-Agder
09 Aust-Agder vapen.png
Aust-Agder var et fylke som grenset mot Telemark i nord og øst, og mot Rogaland og Vest-Agder i vest. Kystlinja grenser mot Skagerrak. Aust-Agder fylke tilsvarte i alt vesentlig det området som inntil 1918 hadde navnet Nedenes amt.[1] Den 1. januar 2020 ble det en del av det nye Agder fylke.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen
(2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet.   Les mer …

Nelaug stasjon var krysningspunktet mellom Sørlandsbanen og Treungenbanen.
Foto: OpenStreetMap
Treungenbanen var betegnelsen på jernbanen fra Arendal i Aust-Agder til Treungen i Nissedal kommune i Telemark. Den nedre delen av banen er fremdeles i drift under navnet Arendalsbanen fra NelaugSørlandsbanen til Arendal. Sidebanen fra Nelaug til Treungen ble nedlagt i 1967. Fram til 1913 ble Treungenbanen omtalt som Åmlibanen.Treungenbanen hadde sidelinje fra Rise til Grimstad. Denne strekningen ble bygd som en privatbane, men ble i 1912 overtatt av NSB og drevet under navnet Grimstadbanen. En forlengelse fra Treungen til Fyresdal ble også lenge diskutert, men kom aldri til realisering. Både Treungenbanen og Grimstadbanen ble bygd for smalsporet drift, men deler av banelegemet var ferdig profilert for normalspor.   Les mer …

Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2013)
Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa. I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap.   Les mer …

Politikeren og næringslivsmannen Gunnar Knudsen.
Foto: Fra boka Ljos over Telemark av Stranna, Olav, utgitt av Erik St. Nilssen.
(1937)
Gunnar Knudsen, egentlig Aanon Gunerius Knudsen (født 19. september 1848Saltrød i daværende Austre Moland kommune, død 1. desember 1928 i Gjerpen) var politiker (V), skipsreder, ingeniør og industribygger. Knudsen satt på Stortinget i de fleste periodene i tiden 1892 til 1921. Han satt i flere regjeringer og var selv statsminister i årene 1908 til 1910 og 1913 til 1920, altså under første verdenskrig. Han var kjent som en patriarkalsk bedriftsleder som var en sterk, selvbevisst og myndig personlighet og leder. Han var omstridt, men prøvde å virkeliggjøre den britiske sosialliberalismens idéer om individet som et selvstendig, men også sosialt avhengig vesen, slik at staten må ha en regulerende funksjon i samfunnslivet og legge til rette for sosialt forsvarlig og ansvarlig individuell utfoldelse. Knudsen var en markert statsmann som satte dype spor etter seg i norsk politikk og samfunnsliv.   Les mer …

Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7).
Foto: Gerd Fosse Hovden
Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 m.o.h., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er om lag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden. Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus.   Les mer …

Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.
Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid.   Les mer …

Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.   Les mer …
 
Se også
 
Kategorier for Aust-Agder
 
Andre artikler
  1. Achehougs og Gyldendals store norske leksikon.. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.