Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gateskilt på Cille Gads plass i Bergen.
Foto: Mads Iversen
(2007)

Cille Gad (fødd ca. 1675, død 1711) var fødd i Bergen. I si samtid vart ho rekna mellom dei mest lærde kvinnene i Norden. I 1705 vart ho dømd til døden for barnedrap, men ho vart benåda av kongen. Cille Gad var allereie frå barnsbein av eit språkgeni. Ho skal ha vore berre fem år då ho pløygde seg gjennom Absalon Beyer sitt store verk Norgis Rige - og som femtenåring snakka ho gresk, hebraisk og latin flytande. Ho dikta vers som sjølv ikkje Ovid kunne gjort meir elegant, vart det sagt. Og det blei òg sagt at ho kunne ha disputert med dei lærde herrar på universitetet i København om kva emne det skulle vera - og teke sin doktorgrad med glans. Om ho då altså hadde vore gut.

Like fullt levde Cille Gad eit tragisk liv. Då ho døydde fattig og elendig i København i 1711, 36 år gammal, hadde ho bak seg fleire år i fengsel etter å ha sona ein dom for barnemord. Eigentleg vart ho dømt til døden ved halshogging, men etter mykje om og men vart ho benåda – nettopp fordi ho var så lærd - «for hennes yndelige lærdoms skyld», som det heiter i bøna om benådning.   Les mer …

Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845.   Les mer …

Kystlaget sin logo.

Sagvågen kystlag i Stord kommune vart etablert i 1994. Laget har om lag 80 medlemmer (2012) og er medlem av Forbundet KYSTEN. Sagvågen kystlag arbeider med å laga lister over båtane som er bygde i Sagvåg, og det har gått over fleire år.

Allereide tidleg i arbeidet fann dei ut at det ikkje var mogleg å laga eit fullt oversyn over alle båtane som har vorte sjøsett i bygda. Til og med den seinare historia er lite tilgjengeleg.   Les mer …

«Guløy».
Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, «Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar