Forside:Sogn

Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:13 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Aurland • Gulen • Hyllestad •Høyanger • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Vik • Årdal

Om Sogn
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over. Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.   Les mer …

Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.   Les mer …

Fridtjov-statua på Vangsnes.
Foto: Nina Aldin Thune
(2006)

Fridtjov den frøkne er ein segnfigur som er nært knytt til bygdene ved Sognefjorden og på Ringerike, og som det står ein statue av på Vangsnes i Vik kommune. Soga er kjent frå ei islandsk fornaldersoge frå 1300-talet og vart kjend gjennom Esaias Tegnér sin diktsyklus Frithiofs saga frå 1825.

Historia om Fridtjov er av seinare dato enn islendingesogene og er truleg rein fiksjon. Inspirasjonen frå romantiske soger, og særleg frå Tristan og Isolde, er tydeleg. Det er også ein del trekk som liknar Soga om Gunnlaug Ormstunge; ein skilnad er at soga om Fridtjov har ein lukkeleg slutt. Teksten har innslag frå norrøn mytologi, særleg historia om Balder, men er skrive i kristen tid og med eit kristent preg.

  Les mer …

Smia på Brennene.
Foto: Margrete Berge Feidje
Smia på Brennene i Feios, Vik kommune, var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet. Me reiste opp på Brennene for å intervjua Jostein Tveit. Jostein er einebarn og son til Gudvin og Milla Tveit. Saman med kona Anna Tveit, har Jostein no ein stor familie. Intervjuet med Jostein Tveit om smia på Brennene er ein del av Feios kulturløype.   Les mer …

Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.   Les mer …

Tusenårsstaden Gulating er et monument som er reist på et av de mulige stedene der Gulatinget kan ha vært holdt og dette var tusenårssted for Gulen kommune i 2005.

Hvor selve tingstedet har vært er ikke helt sikkert. Det kan ha ligget i Eivindvik da det her er bevart to steinkors, eller det kan ha vært holdt andre steder.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sogn
 
Andre artiklar