| Smakebiter fra artikler
|
Stange prestegård før 1951. Petra Mowinckel flytta hit i 1913, og døydde her fem år seinare.
Petra Johanne Mowinckel (fødd Meitzner 6. januar 1861 i Kristiansund, død 31. januar 1918 i Stange) var prestekone.
Ho var dotter av Johanne Marie, fødd Erland, og Carl Odin Meitzner[1]. Faren var skipskaptein.
Ho vart gift med Jørgen Blydt Mowinckel i Nestun kyrkje i Fana 19. juli 1883. Han var teolog, og tok same år fatt på si fyrste prestegjerning, som stiftskapellan i Tromsø stift. I 1887 vart ho prestekone i Beiarn prestegjeld då han vart utnevnd til sokneprest der. Dei budde i Beiarn til 1899, og dei er såleis det presteparet som har vore lengst i Beiarn. Les mer …
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk er sterkt truga både i Noreg og i Sverige. Les mer …
|
|
|
| Se også
|
|
|
|
|
| Kategorier for Beiarn kommune
|
|
|
|
|
| Andre artikler
|
|
|
|
|
|