Oddny Saltskår gifta seg i 1945 med Anton Hollevik. Mange av gjestane hadde óg vore motstandsfolk. Foto: Ukjend (1945)
Ethel Oddny Erine Hollevik f. Saltskår (fødd 8. februar 1918 i Brooklyn, død 18. august 2008 i Askvoll) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho vart arrestert så seint som våren 1945, men sjølv om fangeopphaldet vart kortvarig fekk hos store skadar som følgje av torturen ho vart utsett for.
I september 1944 hadde to mann frå heimefronten sett opp ein radiosendar, Cygnus, på Askvoll. Chester Saltskår var med som kjentmann, og Oddny Saltskår hjalp dei saman med kjærasten Anton Monrad Hollevik (1915–1984). Dei frakta mellom anna mat opp til skjulestaden. Det gjekk lenge bra, men ein angjevar tipsa tyskarane, som omringa garden. Telegrafistane hadde vorte henta ut dagen før, men Oddny og Anton Monrad vart arrestert den 16. mars 1945. Sjølv om det på den tida var klårt for alle at krigen snart ville vere over, haldt dei fram med å fengsle motstandsfolk. Ho vart sendt til Bergen kretsfengsel den 25. mars, med fangenummer 4855. Der var ho til 12. april, då ho vart sendt til Espeland fangeleir med fangenummer 1947. Ho slapp fri den 9. april 1945. Allereie den første dagen, medan dei framleis var på Staveneset, vart ho utsett for harde avhøyr med tortur. Etter krigen sleit ho med store helseskadar som følgje av dette. Først i 1960-åra fekk ho skikkeleg hjelp på Rikshospitalet, der dei kunne slå fast at både nyrer og eggstokkar var skadd. Ho arbeidde lenge for å få erstatning for krigsskadane. Les mer …
Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april 1866 i Askvoll, Sunnfjord, død i Oslo den 14. november 1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under Karlstad-forhandlingane under unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og Grønlandssaka. Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni. Les mer …
Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset .
MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland.
«Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.
Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg. Les mer …
|