Forside:Heimar og folk i Bykle

Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Støylo 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Støylo i Bykle kommune har tunet sitt oppi bakkane vestom Strandestøyl og nordom Storstein. Eigedomen vart formelt utskilt frå Systog Trydal så seint som i 1919, då Tarjei Olsson Trydal skreiv skøyte til den yngre broren Ånund, men bruket var etablert som plass ei god tid fyre dette.

Dei fyrste me veit om budde her er oppskrivne i 1865-folketeljinga som fylgjer:

Thoræ Olsdatter Pige med Plads ug 52
Berget Olsdatter do ug 47
Aldersoppgåvene i folketeljinga tykkjest så rette som ein kan vente, ettersom Tore var fødd 1814 og Birgit i 1820. Ugifte jenter med sin eigen husmannsplass var ikkje særleg vanlege, korkje i Bykle eller andre stader, men når ein finn døme på det, kan ein vera tolleg sikker på at det dreiar seg om gardmannsdøtrer som, heller enn å verta gåande som tenestejenter for bror sin, har fått seg plass som erveoppgjer. Såleis også her: Tore og Birgit var døtrene av Olav Tarjeisson i Systog og kona, Eli Åsmundsdtr.. Då foreldra utpå 1840-talet overlet bruket sitt til eldstesonen og sjølve tok foddog, fekk dei to ugifte døtrene bygsle Støylo på livetida.   Les mer …

Vang 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.

Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.

  • Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
  • Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
  • Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand
Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum.   Les mer …

Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.   Les mer …

Loptet frå Myri. Dette er same huset som me har teikning av i bolken om Holen.
(2004)

Myri var det opphavlege hovudbølet på Holen i Bykle kommune. Store delar av innmarka på dette bruket var flat og meir eller mindre myrlendt. Rett sør for tunet var det dessutan ei djup myr, som rett og slett vart kalla Myri, så namnet gav seg sjølv.

Når me trur at dette bruket er den eldste verestaden på garden har fleire grunnar. For det fyrste hadde Myri eit lopt frå 1600-talet, medan Der uppe vanta slike klenodiar. For det andre reknar me med at Auver Auversson, som var odelsmannen då garden vart dela, om han aldri så mykje hadde pantsett bruket sitt, naturleg ville velje å verta sitjande på det gamle hovudbølet.

Auver Auversson døydde ein gong mellom 1708 og 1711 (sjå bolken om den udela garden). Dinest sat enka hans med bruket ei stund, og då dottera gifte seg, vart det ho og mannen hennes som overtok.   Les mer …

Dette biletet er teke i Sandbekksosen i Bossvatn. Sandbekk er ein støyl på sørsida av vatnet som høyrde til Neire Dysje. Mannen på land er Juel Lund. I båten sit Thina Lund (som seinare gifte seg med Ånund Brotteli), Søren Lund og Ragna Abrahamson - kona til August Abrahamson som tok biletet. Dette var truleg ein gong i den tida då Søren Lund åtte Brotteli, dvs. mellom 1903 og 1907. Frå Setesdalsmuseet.

Neire Dysje var ein av Dysjegardane i Bykle kommune. Som det går fram av bolken om den udela garden, vart dette bruket utskilt i 1815. I og for seg kunne ein godt tenkt seg at det hadde vore husmannsplass tidlegare, men me har ikkje sett noko som peikar i den lei.

I den gamle gards og ættesoga (89) les me at «Åvold Jonsson kjøpte garden av Mikkelsen Bratteland» og at det «ser ut som om Mikkel Olsen Bratteland fekk garden etter Ole Tallaksen Dysje, eller borna hans». Dette er iallfall delvis gale, ettersom Olav Tallaksson aldri hadde noko gardsbruk å selje, han var busete hjå broren. Når det gjeld Mikkel Bratteland, har me ikkje sett at han heller åtte noko i Dysje, men for den skuld kan han kanskje ha gjort det ei tid. Det me veit heilt sikkert er at Åvold fekk skøyte på bruket hjå Åsmund Sørensson. Dette var i 1815, i 1819 vart det halde delingsforretning og skyldsetjing, og overdragingsdokument vart tinglyst i 1820.

Åvold Jonsson var frå Vatnedalen, og son åt Jon Åvoldsson Nesland og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Åvold åtte Ryningen nokre år, men selde det bruket til Salmund Snæresson Ryningen i 1797. I 1800 kaupte han Attistog Gjerden hjå Bjørgulv Åsmundsson, og etter at han gifte seg i 1805 budde han og huslyden hans der.   Les mer …

«Ved Breivestølerne i Bykle» noterte fotografen August Abrahamson på dette biletet, som han tok i 1905 eller 1906. Grunnen til at biletet er greitt å datere, er at Ragna Abrahamson, kona hans, som sit mellom dei to andre kvinnene på biletet, har på seg same kleda her som på det sikkert tidfeste biletet som står i bolken om bnr 6. Dei andre avbilda personane er ikkje identifiserbare. Men det er då i alle høve eit godt bilete, og som me kjem til etter kvart meiner me at dei fyrste som budde fast på Breivassflotti heldt til på denne staden. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Breivassflotti er ein fjell- og heieigedom på kring 30.000 mål på austsida av Breivatnet. Opphavleg gjekk han ut frå Hovden, bnr 1, og er difor ført under gnr 2 i matrikkelen, men han har høyrt til Bjåen i meir enn 150 år. Eigedomen var på handel fleire vender frå slutten av 1700-åra og frametter. Ein som åtte han eit bil, helst frå 1787 og heilt sikkert til 1806, var Olav Nilsson Husevoll, som me trur budde på Breivestøylane eit par-tre år, fyre han flutte åt Ørnefjødd i 1790. Ein kan lesa meir om han i bolken om det bruket. I 1797 drog han vidare til Innistog Løyland, og budde der då han selde Breivassflotti til Tjerand Tjerandsson på Hovden i 1806. Då Tjerand selde Hovden seinare same året, heldt han att Breivassflotti, så då den nye eigaren av Hovden selde vidare to år seinare, kunne han ikkje selje Breivassflotti avdi han ikkje åtte det. Omlag på denne tid, ein gong i åra 1807 til 1810, kom eigedomen i hendene på Øystein Hovdestad og Aslak Botne i Vinje, som i 1807 også hadde skaffa seg hand om Der sø og Nordgarden i Breive. Utan at me torer vera heilt sikre på det, tykkjest det sannsynleg at dei kaupte hjå Tjerand Tjerandsson.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest