Forside:Samiske språk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
Samer • finner/kvener • romanifolk • rom • jøder
sørsamer • umesamer • pitesamer • lulesamer • nordsamer • austsamer
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samiske språk
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Komitativ er eit adverbialt kasus som blir bruka i samiske språk. Komitativ, som vi òg kunne kalle med-kasus, blir bruka om reiskap/middel, og i tillegg blant anna om nokon ein er saman med. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ine, -jne eller -inie. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske eintalsendinga -jn (pite- og lulesamisk ortografi) / -in (nordsamisk ortografi). I indoeuropeiske språk blir reiskapskasuset kalla instrumentalis.   Les mer …

Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Vegskilt og skilt på offentlige bygningar har det samiske namnet først/øvst i dei kommunane som ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg.
Foto: Olve Utne
(2011)
Forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg, òg kalla Det samiske forvaltningsområdet, består av spesifikke kommunar og fylke der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å bruke samisk i møte med offentlige etatar i desse kommunane. Kommunane har blant anna ansvar for eit relevant tilbod til samar i barnehage og grunnskule, og tospråklige skilt skal ha det samiske namnet før det norske. Kommunane og fylka får på si side tilskott frå Sametinget — både generelt tilskott og tilskott spesifikt til språkopplæring, språksenter (både i og utanfor forvaltningsområdet), museum, kultursenter, kulturhus og tiltak innanfor helsevesenet. Dei norske myndigheitene anerkjenner tre offisielle samiske språk: nordsamisk (i skoltesamisk og nordsamisk område), lulesamisk (i lulesamisk og pitesamisk område) og sørsamisk (i umesamisk og sørsamisk område).   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (gen. Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, gen. Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …

Israel Ruong (19031986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien.   Les mer …
 
Eksterne ressursar
Forside:Samiske språk/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Samiske språk
 
Andre artiklar