Balestrand frå høgda over tettstaden. Foto: Olivier Bruchez (2002)
Balestrand er ein tettstad i Sogndal kommune. Staden var administrasjonssenter i Balestrand kommune før samanslåinga med Sogndal i 2020. Lokalt vert staden ofte kalla Holmen. Han ligg på nordsida av Sognefjorden, vest for innløpet av Fjærlandsfjorden. Pr. 2016 har Balestrand 809 innbyggjarar.
Allereie i siste halvleiken av 1800-talet vart Balestrand ein viktig turiststad. Det er fleire overnattingtilbod der. Det mest kjende er Kviknes Hotel, som opna i 1752 og fekk sitt nåveranda namn i 1877. Den såkalla Fargarstova, som vart flytt hit kring 1877-1878, er ein av dei bevarte bygningane frå denne tida. Det var i Balestrand at keiser Vilhelm II av Tyskland fekk bodskapen om utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914. Norsk reiselivsmuseum ligg i Balestrand.
Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av Vilhelm II i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn. Les mer …
Skifjord bedehus Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune.
Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.
Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen. Les mer …
Lars Bremnes (født 5. mars 1916, død 22. februar 2011) var fisker, landhandler, lokalpolitiker og organisasjonsmann fra Bremnes, Byrknesøy i Gulen kommune. Han var gift med Inga.
Han var sønn av gårdbruker Andreas Olsen Bremnes (f. 1878) og husmor Serene Olsen Bremnes (1882–1960). Han vokste opp på bruket Brimnes.
Inga og Lars Bremnes styrte landhandelen på Bremnes, Bremnes Handel ei stund etter at de tidligere eierne hadde flyttet. Siden Lars var mye borte på fiske, falt mye av arbeidet på Inga og barna. Men ettersom borna ble voksne og flyttet vekk, ga Lars og Inga Bremnes opp å drive landhandelen, og den ble nedlagt i 1964.
Lars Bremnes var medlem i styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 18 år, mye av tida også nestformann. Bremnes var også medlem av styret i Sogn og Fjordane Fiskesalslag frå 1959 til 1981. Dessuten var han medlem av representantskapet i fiskesalgslaget i mange år, også som ordfører. I tillegg var Lars Bremnes kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem i Gulen i åtte år. Les mer …
Kristen Andersson Ormbergstøl - ordførar i Jostedalen 1897-1904 Kristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen (1897-1904). Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar, seinast 1884-96. Slektene Ormbergstøl, Kronen og Faaberg dominerte lenge lokalpolitikken i Jostedalen.
Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912. I eit minneord over han heitte det at Kristen "hev dyrka upp garden sin til mellom dei fremste i bygdi".
I same minneordet går det og fram at han hadde ei mengd politiske verv i Jostedalen, "nytta i mest alt komunalt arbeid ein kunde leggja paa ein mand i ei bygd." Forutan ordførar var han formann i fattigstyret, og medlem av skulestyret var opplysningsmannen Ormbergstøl i omkring 40 år. Les mer …
|