| Smakebitar fra artiklar
|
Cecelie Vernøy (1880-1962) Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.
Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år. Les mer …
Dette biletet er frå eit av dei aller første åra etter at Tysnes gamleheim opna i 1952, og dersom det er fulltalleg tel me 16 bebuarar. Framme frå v.: Marie Hillesvik, Anna Vermedal, Torgeir Gjøvåg, Ingrid Hansen (far hennar er også med på biletet, heilt bak), Eli Håland og Jonette Hollekim. Bak frå v.: Anton Brattetveit, Jørgen Blindheim (han var frå Møre og truleg ein av dei som tidlegare hadde vore "utplassert"), Olav Vernøy (delvis skjult), Anna Leitesvik, Anna Fjellsbø, Lars Hagestad, Isak Hansen, Herborg Siglevik, John Hauge og Knut Gjerstad. Tilsette frå v.: Anna Lid (kokke), Judith Myklebust (styrar), Klara Sandsøy og Karoline Glittenberg Foto: (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.
Tysnes gamleheim var i drift frå 1952 til fram på 2000-talet, då institusjonen vart gradvis avvikla.
I åra etter krigen vaks tanken om ein heim for eldre fram i Tysnes kommune i Sunnhordland, og Tysnes Gamleheimslag vart danna. At gamleheimen skulle koma til å bli bygd på Hovland (Tysnes kommune) hadde mest med tilfeldige omstende å gjera. Det vart slik at Tysnes Gamleheimslag overtok den staselege gamle doktorbustaden som vart bygd av distriktslege Halvor Gjestland (1838-1907), som fekk skøyte i 1880. Her sette han opp ein bustad som ikkje stod tilbake for dei tradisjonelle patrisiarhusa som rikfolk i Bergen gjerne bygde som "lyststeder" utanfor byen, bortsett frå at doktorbustaden vart gjort endå større. I første høgda var det ikkje mindre enn tre stover. Ein glasveranda vart bygd på framsida, som vendte ut mot hagen. På baksida var det to inngongsdører, den eine til kjøkenet.
I 1950 fekk Tysnes Gamleheimslag skøyte på huset og eigedomen av dåverande eigar Tysnes herad, og to år seinare vart Tysnes gamleheim offisielt opna. Dei første bebuarane kunne flytta inn i heimen. Les mer …
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.
Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.
Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt. Les mer …
Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag. Les mer …
Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.
Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.
I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage. Les mer …
Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.
Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.
Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen. Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Tysnes kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|