Forside:Ullensvang kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ullensvang kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Jondal • Odda

Om Ullensvang kommune
1231 Ullensvang komm.png

Ullensvang kommune ligg i Hardanger i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Ullensvang grensar til Vinje i Telemark i søraust, kommunane Sauda og Suldal i Rogaland i sør, Etne i sørvest, Kvinnherad i vest, Kvam i Hardangerfjorden i nordvest, Voss herad og Ulvik i nord og Eidfjord i nordaust.

I 1964 vart gamle Ullensvang, Kinsarvik med unntak av Kvanndal, Åsgrenda i Kvam kommune og Eidfjord samanslegne til ein ny storkommune. I 1977 vart Eidfjord utskild som eigen kommune. I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok Ullensvang, Odda og Jondal å slå seg saman under namnet Ullensvang, og i samband med dette vart namnet endra frå Ullensvang herad til Ullensvang kommune. Han er dessutan den kommunen i Sør-Noreg som har størst areal.

Kommunen har sju tettstader: administrasjonssenteret Odda, Tyssedal, Skare og Røldal i tidlegare Odda, Kinsarvik og Lofthus i tidlegare Ullensvang og Jondal i tidlegare Jondal kommune.

Ullensvang er den viktigaste fruktdyrkingskommunen i landet. Turisme er òg ein viktig næringsveg.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Portrett av Knudsen
Foto: Ukjent fotograf

Knud Knudsen (født 3. januar 1832 i Odda, død 21. mai 1915 i Bergen) regnes som en av de første store landskapsfotografene i Norge. Fotoatelieret han åpnet i Bergen i 1864, drev med portrettfotografi, men var også rettet mot turistene, og Knudsen fulgte med på mange turistruter. Han har dokumentert en mengde hoteller og severdigheter - fra helt sør i landet til Finnmark.

Knudsen ble født på Bustetun i Odda, og var sønn av gårdbruker Knut Knutsen Bustetun og Anna Nilsdatter Rabba. Han ble selv aldri gift. Det så først ut til at det var fruktdyrker han skulle bli, men etter hvert begynte han å interessere seg for fotografi. Han hadde sannsynligvis lært fotografering hos Marcus Selmer i Bergen i slutten av 1850-årene.   Les mer …

Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8. august 1922 i Asker) var bilethoggar.Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.   Les mer …

Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
(2018)

Lars Kinsarvik (fødd 8. september 1846 i Kinsarvik, død 21. juni 1925, same stad) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar.   Les mer …

Foto: David Aasen Sandved
(2010)
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.Blant attraksjonane er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876––1940) i samarbeid med Victor Nordan i seinhistorisk stil og reist i åra 1906––18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. Museet eid også AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914, der museet i dag har utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspel. Den faste utstillinga «Det store spranget» handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda. Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum.   Les mer …

Familien Christiansen budde også i Folgefonngata nr 9 då huset var nesten heilt nytt.
Foto: Arkiv NVIM.
Folgefonngata 9 i Odda er eit lite trehus i ein og ein halv etasje, bygd i 1907/08. Dette er ein av dei første arbeidarbustadane som blei bygd i Odda sentrum, og saman med Folgefonngata 11 og 13 tilhøyrer det Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i dag. Folgefonngata 9 er ein «formannsbolig» med to rom og kjøkken. Det er to leilegheiter i huset. Mange av dei andre husa i gata hadde leilegheiter med eitt rom og kjøkken og var for fagarbeidarar. I åra 1907 til 1914, før Murboligen kom, låg det slike bustadar på begge sider av Folgefonngata.   Les mer …

Utsikt fra Torsnes mot Strandebarm på vestsiden av Hardangerfjorden.
Foto: Elin Galtung Lihaug
Torsnes er et lite sted sør for Jondal i Jondal kommune i Hardanger (Hordaland). Stedsnavnet antyder at det i tidligere tider var en helligdom for guden Tor på dette neset. Gården Torsnes har vært holdt innenfor samme slekt helt fra 1100-tallet og frem til i dag. Midt på 1600-tallet var godseieren på Torsnes, Lauritz Johansson Galte, en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han i tillegg til Torsnes hadde 31 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Hans sønn, Lauritz Galtung, var admiral i den dansk-norske fellesflåte og senere lensherre over Lister len og bodde lite på Torsnes som voksen.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Ullensvang kommune
 
Andre artiklar