Forside:Voss herad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Voss herad
1235 Voss kommune.png
Voss herad er ein innlandskommune i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland) med grenser mot Vik og Aurland i Sogn, Ulvik, Ullensvang og Kvam i Hardanger i tillegg til Vaksdal. Kommunesenteret er Vossevangen. Kommunen er eit trafikknutepunkt, og er i våre dagar ikkje minst kjend som vintersportsstad og for sin årvisse jazzfestival.

Storkommunen Voss vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger (unnateke Bergsdalen og Øvre Eksingedal). I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok kommunestyra i Granvin og Voss i 2016 å danne nye Voss herad frå 1. januar 2020.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Truleg brudlaupsbilde av Ranveig og Hans, frå familiealbumet. Bunaden røpar opphavet på Voss.
Ranveig Kalrudstad (fødd Vinsand 2. februar 1895 på Voss, død same stad 24. april 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg i 1932 med Hans Kalrudstad (1883-1945) frå Nordlia i Østre Toten. Tidleg på 1950-talet flytta ho attende til oppveksttraktene, etter at Hans var død. Ranveig var ein av dei få vestlendingane i Toten-bygdene på denne tida. Ranveig Kalrudstads familiealbum er ei viktig kjelde til livet i eit småbondemiljø på Toten i mellomkrigsåra. Dette var eit granne- og familiesamfunn som ikkje har etterlete seg mange skriftlege spor, og på grunn av flytting og få etterkommarar har heller ikkje mykje tradisjon vorte vidareført.   Les mer …

Vassvøri Sogelag i Voss herad vart skipa den 5. mars 1993. Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget samlar inn, tek vare på, og formidlar det som kan forteljast om levekåra i grendene gjennom tidene.   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …

Theodor Hesselberg fotografert ca. 1925.
Foto: Ukjent/Oslo Museum
Hans Theodor Hesselberg (født 7. januar 1885 i Lierne, død 10. november 1966) var meteorolog. Han ledet Meteorologisk institutt i 40 år, sto bak en rekke vitenskapelige meteorologiske arbeider, og hadde også internasjonale verv innen meteorologien.Hesselberg var sønn av prost Ivar Hesselberg (1850-1928) og Marie Sofie Frost (1847-1937), og ble gift i 1912 med Sigfrid (“Frida”) Landmark (1883-1969). Han var sønnesønns sønn av prest og forfatter Iver Hesselberg (1780-1844) og var svoger til arkitekt Ole Landmark (1885-1970).Theodor Hesselberg var Meteorologisk institutts lengstsittende direktør, men han døde like før instituttets 100-årsmarkering.   Les mer …

Olaf Olafsen.
Foto: Hentet fra Sokneprest Olaf Olafsens forfatterskap (1947)
Olaf Olafsen (født på Dovre 3. september 1843, død 8. februar 1932 i Bergen) var prest, botaniker og lokalhistoriker. Han skrev en rekke populære bygdebøker om forskjellige lokalsamfunn i Hardanger, og stiftet Hardanger Historielag i 1908, der han var formann og senere æresmedlem. Han bidrog også med en rekke artikler til årskriftene til Romsdal sogelag, fra sin tid i Romsdal.   Les mer …

Vinter på Mjølfjell kring 1940. Glissen vegetasjon og nokre spredte hytter. Øvst til høgre skimtar vi stasjonen.
Foto: Nasjonalbiblioteket

Mjølfjell er ei grend inst i Raundalen i Voss herad. Området har namn etter det kvite Mjølfjellet, som òg markerer grensa mellom Voss og Ulvik. Mjølfjell-området har særleg vorte nytta til støling, og gardar i både Voss, Ulvik og Aurland har hatt sommarbeite her.

Etter at Bergensbanen opna i 1909, med eigen stasjon på Mjølfjell, har grenda vore ein populær rekreasjons- og turiststad. Spesielt bergensarar har farta mykje til Mjølfjell. På 2000-talet er det privathyttene som dominerer staden, men her er det òg eit ungdomsherberge (bygd i 1939).

Staden hadde på 1900-talet ein del fastbuande, knytt til jernbane, turisttrafikk og gardsdrift/støling, og difor var det skule her (1914-64). Mjølfjell kapell vart innvigd i 1967. Daglegvarebutikken på Mjølfjell vart lagt ned i oktober 2009, men opna att i 2014. I Rjoandalen ligg det eit militært skytefelt.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Voss herad
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar