Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010. Les mer ...
Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande. Les mer …
Säjjden på Stødi.
Foto: Bjørn Utne
Stødi, pitesamiskStuädtje, er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Svánjgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denne att Svánjga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for säjjden — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hadde Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976. Les mer …
Beiarn Finnekapell var en annekskirke i Gildeskål prestegjeld fra 1724 til 1858. Da ble Beiarn prestegjeld utskilt fra Gildeskål og fikk egen sokneprest. Finnekapellet ble oppført på anbefaling av Thomas von Westen etter en av hans reiser i Nord-Norge. Kapellet fikk ikke egen prest, men kateketer og misjonærer ble plassert i Beiarn. Etter rivingen av kapellet etter at Beiarn kirke ble oppført i 1873 ble inventaret, inkludert altertavle, prekestol, døpefont, kirkesølv, lysekroner og flere tavler, flyttet opp på loftet i den nye kirken. Les mer …
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010. Les mer …