Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Flora var ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er blant dei største aktørane i den tidlegare kommunen. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr. Les mer ...
Smakebitar fra artiklar
Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Rognaldsvåg skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda. Les mer …
Historielaget sin logo.
Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer. Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim. Les mer …
Lyder Aarseth.
Foto: Faksimile fra Mediås (1996): Skoledirektørembetet i Norge
Lyder Aarseth (født 15. september 1886 i Vevring i Sunnfjord, død 8. mai 1951) var lærer og lokalpolitiker. Han virka blant annet i Kautokeino, der han i 1923 ble valgt til ordfører, seinere i Vadsø, som skoledirektør for Finnmark.
Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden Melvær på Bulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.
I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900. Les mer …
Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon
Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.
Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81. Les mer …