Forside:Jostedalen

Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kåre Øvregard.
Foto: Torodd Joranger (2007)
Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen) er ein lærar, lokalhistorikar og politikar frå Luster kommune. Øvregard var ordførar i både Jostedal og Luster, men krona sitt politiske engasjement som stortingsmann for Sogn og Fjordane. Han har heile tida representert Arbeidarpartiet. I 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for det breie lokalhistoriske og kulturelle engasjementet sitt.Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.   Les mer …

Anders Christenson Ormbergstøl
Anders Christenson Ormbergstøl (A.C. Ormberg) (fødd 28. november 1829, død 30. mars 1917) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen, no Luster kommune i Sogn og Fjordane. Han var eldste barn av Christen Andersson Ormbergstøl (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-1899) som var dei fyrste sjølveigarane på Ormbergstølen. Anders fekk 27. november 1849 skøyte på heimebruket etter at faren døydde og dreiv det til 1882.Anders Ormbergstøl tilhøyrde ein politisk engasjert familie. Faren Christen Andersson Ormbergstøl var formannskapsmedlem i fleire år frå kring 1840 og ein sentral mann i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var ordførar i Jostedalen i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen Kristen Andersson Ormbergstøl over vervet. Barnebarnet Kristen Bakken (1920-2014) vart òg ordførar. Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførarar   Les mer …

Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk (Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla.   Les mer …

Bergset.
Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar Bergset mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending. Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.
Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest