Forside:Kinn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Flora • Vågsøy

Om Kinn kommune
Kinn kommune sitt våpen.
Kinn kommune i Vestland vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Flora kommune i Sunnfjord og Vågsøy kommune i Nordfjord. Namnet har tidligere vore nytta på ein kommune med andre grenser, sjå Kinn kommune (1838–1964).

Nye Kinn kommune har to kommunedelar som ikkje grensar til kvarandre, ettersom Bremanger kommune i Nordfjord ligg mellom. Dei to kommunesentra Måløy og Florø ligg 100 kilometer frå kvarandre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lærar og ordfører Nils Lyslo
Foto: Norske skulefolk, 1952
Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år[1] og hadde fleire andre verv.   Les mer …

Starheimsbuda. Kystlaget sin tilhaldsstad.
Kystkulturlaget i Vågsøy er eit kystlag i Vågsøy, Kinn kommune i Nordfjord. Laget vart stifta som eit lag for å fremje kystkultur og kunnskap om trebåtar, og deltok i arrangementa før OL på Lillehammer i 1994. Kystkulturlaget i Vågsøy vart stifta 19. april 1995 som ei vidareføring av Vedvik Båtlag. Laget har som formål å bevare og oppretthalde tradisjoner som er knyttet til sjø og sjøbruk. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 50 medlemmer.   Les mer …

Rognaldsvåg skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda.   Les mer …

Historielaget sin logo.
Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer. Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim.   Les mer …

Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.   Les mer …

Asbjørn Olai Aamot
Foto: Norske skolefolk (1952)
Asbjørn Olai Aamot (fødd 26. september 1901, død 8. juli 1974) var lærar og fråhaldsmann.

Han var son av bonde Anton Aamot og Olina f. Solheim. Dei dreiv garden Sletten i Askvoll kommune i Sunnfjord. Asbjørn Olai Aamot tok eksamen ved Volda lærarskule i 1925.

Aamot var fyrst vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune. Han arbeidde fyrst i krinsane Barlindbotn og Grov, deretter i Barlindbotn og Tonheim.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Kinn kommune
 
Andre artiklar


  1. Firdaposten 1959.12.11. Digital versjonNettbiblioteket.