Bjørnarå Der Aust 24.7.1918. A.B. Wilse tok biletet, Norsk Folkemuseum skaffa kopien. Stoga, som er så gamal at ho godt kan vera bygd av den fyrste kjende bjørnaråbonden, vart kring 1950 seld til Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og står der idag. Loptet, som er minst like gamalt, vart noko over 10 år seinare selt til Morten Henriksen, og står idag i Lislestogtunet i Bykle.
Der aust er eitt av bruka på Bjørnarå i Bykle kommune. Som nemnt framanfor har dette bruket vore det gamle hovudbølet, som det andre har gått ut i frå. Den gamle tunstaden låg austom der tunet i Der heime ligg i dag, på same sida av Bjørnaråni.
Denne tunstaden vart bytt ut då det i 1950 vart bygt nytt tun på Neset ut mot Bjørnaråhylen på sørsida av elva.
Den fyrste oppsitjaren her etter delinga i 1662 var som nemnt Olav Tarjeisson (e.), Store-Olav. Om ein kan feste lit til aldersoppgåvene i manntala frå 1664 og 1665, var han då 50 år, og altså fødd ca 1614. I 1645 var han gift, går det fram av koppskattmanntalet frå det året, men namnet åt kona hans finn me ikkje nemnt.
Sakefallslista frå 1646/47 syner at Olav då hadde måtta bøte 3 riksdalar for å ha vore i slagsmål med Gunnar Torgrimsson Flateland, som må ha vore syskenbarnet hans. Elles er det ikkje stort me har funne ut om han, då bortsett frå at han hadde ein son.
- Store Olav Tarjeisson Bjørnarå, f ca 1614, d ca 1680
- g m ukj. Born iallfall:
Stigamidjom 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Den gamle plassen Stigamidjom ligg ein snau kilometer nordanfor Moen i Trydal i ei kro innunder Tangebakkane. Staden ligg lageleg til, med utsyn over Sakshylen på vestsida, og lognt mellom Bergji i nord og Stigafjødd i sør.
Dei som rudde og fyrst budde her var ekteparet Eivind Ånundsson og Åse Tarjeisdotter og borna deira. Han var gardmannsson frå Utistog Stavenes, son åt Ånund Pålsson, som dei kalla Rike-Ånund, og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Byklum.
Nett kva år Eivind og Åse sette i gang med å etablere seg i Stigamidjom kan vera litt uvisst. Det me utan vidare kan slå fast er at dei fekk bygselsbrev på plassen hjå Arne Torleivsson i Nordstog Trydal i 1853. Men brevet vart ikkje tinglyst fyrr i 1860, og då kan det vel også godt ha gått nokre år frå plassfolka stakk spaden i jorda fyrste venda og til det vart gjort skriftleg avtale. Plassvilkåra tykkjest ha vore rimelege. Dei skulle skjera 1 1/2 mål åker i året, det var heile leiga.
Eivind og Åse budde lenge i Stavenes, der Eivind var eigar av bnr 5 (halve Utistog). Tydelegvis gjekk det ut med han, slik at han i 1847 laut selje til Olav Såvesson på Teigen. Han og familien hans mellomlanda då ei tid som busetar i Bjones, fyrr dei vart husmannsfolk i Stigamidjom. Les mer …
Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.
Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.
- Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
- g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986.
Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.
Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns. Les mer …
Uppistog 31.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.
Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.
Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:
| Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.
|
|
| Les mer …
Stogebygningen vart oppført i tømmer for Tarjei Pålsson i 1950. Vel så 10 år seinare fekk utvendes paneling. Foto: Aanund Olsnes (2003)
Torsbu i Bykle kommune er eit av bruka på Mosdøl, men var opphavleg ein del av Byklum.
Det er rimeleg å tenkje seg at namnet Torsbu må koma av at det har budd ein som heitte Tor her eingong i tida. I den gamle gards- og ættesoga (117) står det likevel at «det eldste namnet er Nistog», og me har ingen grunn til å draga i tvil at Nistog-namnet har vore nytta. Kva for namn som er det eldste er likevel eit anna spursmål, men me har ingenstad funne nemnd nokon Tor som budde her, og vil då helst tru at det må ha vore ein som heldt til her så langt attende at det ikkje finst skriftlege opplysningar om han.
Eit anna spursmål me gjerne skulle ha hatt svaret på, er kvifor dette bruket er matrikkelført under Mosdøl, endå det ligg inne i Byklum-gardsvaldet. Fyrste venda me har sett at bruket vart skrive under Mosdøl er i 1838-matrikkelen, og at oppsitjaren her då var frå Mosdøl, er på det reine. Men at eit slikt eigartilhøve skulle føre til at bruket vart overført frå den eine matrikkelgarden til den andre, er ikkje lett å skjøne. Frå gamalt av, og iallfall fram til og med 1820, vart Torsbu rekna som ein del av Byklum.
Når dette er fastlagt, vert det neste spursmålet kva tid bruket vart utskilt, og kven som var den fyrste kjende oppsitjaren her. I den gamle gards- og ættesoga (118 ) står det at Olav Ånundsson var her i 1723, og vidare at «med han ser det ut som at Nistog er skilt ut frå Uppistog». At Olav Ånundsson var fyrste oppsitjaren her er rett, men han var frå Innistog, og då han overtok her, hadde eigedomen lenge høyrt til Innistog-folket. I bolken om Innistog har me også fortalt at Olav Ånundsson overtok 6 skinn i Byklum på skiftet etter Jon Olavsson, farbror sin, i 1711. Olav var son åt Ånund Jonsson Byklum. Les mer …
Tunet på Berdalen Der nede, sett nedanfrå bygdevegen 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Som namnet Der nede tyder på har dette bruket tunet og jordet beint nedanfor Der uppe, og som det vil ha gått fram, er me samde med den gamle gards- og ættesoga i at Der uppe må vera det gamle hovudbølet, som alle dei andre bruka i garden i si tid har gått ut ifrå. At Der nede likevel har fått bnr 1, vil me oppfatte som tilfeldig.
Når det gjeld tida for den fyrste garddelinga, påsto den dåverande oppsitjaren her i rettssaka 1728, som me fortalde om i bolken om Der uppe, at Der nede var ein gamal øydegard, som heitte Skjerstøyl, og at denne verestaden «alltid» hadde vore eit bruk for seg. Men ettersom retten ikkje fann at dette var noko å leggje vekt på, torer ikkje me heller tru for sikkert på påstanden. Likevel finn me han interessant nok til å nemne, for kanskje bygde han på røynlege tilhøve. I så fall er det ein indikasjon på at Berdalen helst var dela i to bruk alt i mellomalderen.
Men den fyrste kjende oppsitjaren her var iallfall Såve Olavsson, son åt Olav Knutsson. Les mer …
|