| Om Ørsta kommune
|
| Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.
Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre . Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk. Les mer …
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (fødd 8. september 1846 i Kinsarvik, død 21. juni 1925, same stad) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot. Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).
Kjende medlemmar av slekta
Det første skulehuset på Nordre Vartdal.
Det første skulehuset på Nordre Vartdal var den største Vartdalsaka Ulstein skulestyre hadde i åra fram til 1895. På denne tida var Vartdalstranda ein del av Ulstein prestegjeld. I april 1892 blei teikningane til skulehuset godkjend i skulestyret. I første omgong var det meininga å byggje lærarbustad i skulehuset, men amtsformannskapet gjekk imot dette og meinte at skulen fekk greie seg med eit rom for læraren. Etter mykje usemd blei den vesle skulestova bygd i 1893. Amtstilskotet var kr.1.200 kr og skulestova var 5,65 m i firkant og 3,05 m.høgt, plassert i ei skråning sentralt i bygda.
Skulen blei truleg ikkje teken i bruk av elevar før hausten-93, dette er uvist.
Skulen hadde i 1905 eit tjuetals elevar. I 1910-1915 gjekk det nedover til berre 15, og heilt ned i 12 elevar, før det frå 1920 og utover aukar i ei bratt kurve. I 1930/31 var der heile 41 elevar. Så gjekk talet nedover att, til berre 11 elevar i 1945/46. Les mer …
Ivar Andreas Nordang. Foto: Hentet fra Studenterne fra 1877 (1902)
Ivar Andreas Nordang (født 26. september 1856 i Hjørundfjord i nåværende Ørsta kommune, død 13. februar 1933) var jurist. Han var sorenskriver i Vardø, senere i Nordfjord, før han avsluttet sin yrkeskarriere som sorenskriver i Tune ved Sarpsborg. På 1890-tallet var han dessuten ordfører i Vardø. Ivar Andreas Nordang var sønn av gårdbruker Peder J. Nordang (1798-1870) og Anne Ingeborg Stennæs (1811-1891). Han var først gift, i 1886, med Louise Charlotte Kåsbøll (1864-1890), deretter, i 1891, med Andrea Monsen (1868-1896), og til sist, i 1898, med Betty Klæboe (1868-1953). Les mer …
Andreas Austlid. Foto: Ukjent Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926 på Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke. Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Ørsta kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|