Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Lærar Samson Sande med kona Ane Sande og døttrene, Malena (1901), Karen (1902) og Olava (1904) Foto: Ingebrigt Lunde. Avdeling for spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen
Samson Sande (født 1866) var lærar i Hyen i Gloppen kommune. Han var gift med Ane Bertelsdatter Mjellem (født 1876). Samson arbeidde som lærar i Hyen frå 1895-1936. I 1914 kjøpte han seg ein gard på Fitje i Gloppen og familien budde der medan han heldt fram som lærar i Gjengedal krins. Les mer …
Foto: Arnfinn Kjelland (2010) Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, dei fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal.
Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod. Les mer …
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend.
Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her. Les mer …
|