Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.
Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8. august 1922 i Asker) var bilethoggar.Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.
I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen « Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905. Les mer …
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (fødd 8. september 1846 i Kinsarvik, død 21. juni 1925, same stad) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Foto: David Aasen Sandved (2010)
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.Blant attraksjonane er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876–1940) i samarbeid med Victor Nordan i seinhistorisk stil og reist i åra 1906–18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. Museet eid også AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914, der museet i dag har utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspel. Den faste utstillinga «Det store spranget» handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda. Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum. Les mer …
Admiral Lauritz Galtung (maleri av Karel van Mander ca. 1660.
Lauritz Galtung (født ca. 1615 i Jondal, død høsten 1661) var en norsk adelsmann som ble utdannet militært og i 1657 ble admiral i den dansk-norske fellesflåte. I 1658 ble han utnevnt til lensherre over Lister len i Norge. Lauritz Galtung ble født på slektsgården Torsnes ved Jondal i Hardanger ( Hordaland). Han var den første i den slekten som har vært kalt den yngre Galtungslekt, som tok i bruk navnet Galtung som slektsnavn. Hans far, Lauritz Johansen Galte, var en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han eide 32 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Omkring 1660 lot Lauritz Galtung en kjent maler, antagelig hoffmaleren Karel van Mander d.y., male store portrettbilder av seg selv, sin kone og sine fem eldste barn Les mer …
Utsikt fra Torsnes mot Strandebarm på vestsiden av Hardangerfjorden. Foto: Elin Galtung Lihaug
Torsnes er et lite sted sør for Jondal i Jondal kommune i Hardanger ( Hordaland). Stedsnavnet antyder at det i tidligere tider var en helligdom for guden Tor på dette neset. Gården Torsnes har vært holdt innenfor samme slekt helt fra 1100-tallet og frem til i dag. Midt på 1600-tallet var godseieren på Torsnes, Lauritz Johansson Galte, en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han i tillegg til Torsnes hadde 31 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Hans sønn, Lauritz Galtung, var admiral i den dansk-norske fellesflåte og senere lensherre over Lister len og bodde lite på Torsnes som voksen. Les mer …
|