Frå venstre syskjena Margit Alida, Astrid Jørgina og Otto Hegelstad framfor driftsbygningen på Lille Svela, kring 1965. Foto: Ukjend
Margit Alida Hegelstad (fødd 13. oktober 1911 i Bjerkreim, død 15. mai 1997 i Stavanger) var gardbrukar og sjukepleiar. Under andre verdskrigen vart ho arrestert for motstandsarbeid.
Under krigen vart ho involvert i motstandsarbeid. Saman med sine to syskjen på Lille Svela var ho med på å gøyme flyktningar som skulle sjøvegen til Skottland. Den 29. november 1944 hadde Gestapo ein stor razzia i bygda. Bakgrunnen var ei liste frå Heimefronten som dei hadde fått tak i. Der stod namna på dei som skulle mobiliserast om det kom ein engelsk invasjon. Margit Hegelstad stod nok ikkje på den lista, men det var mistanke om at ho hadde gøymt flyktningar. Ho var difor arrestert og sendt til Stavanger kretsfengsel i Lagårdsveien. Der sat ho til 8. februar 1945, då ho vart overført til Møllergata 19 i Oslo med fangenummer 7044. Der vart ho sitjande til freden kom i mai 1945. Ni andre frå bygdefolket og sju som var på veg ut av landet vart også tatt i razziaen. Ei løe der dei hadde gøymd flyktningar på Svela vart skoten i brann. Les mer …
Ragna Rytter. Foto frå boka Godtemplarordenen i Norge 1927-1977 (1976). Ragna Rytter (født 26. juli 1885 i Verdal, død 7. januar 1972 i Melhus) var folkehøgskulelærar, diktar og fråhaldskvinne. Ho ga ut fleire diktsamlingar, dei fleste på landsmål, og var dessutan ei av opphavskvinnene til trønderbunaden.
Rytter vart fødd i Verdal, og var dotter av Berit Prestbakken frå Melhus og Johan Gunnerius Ryther (1858-1900) frå Kristiansund. Faren arbeidde som lærar i ulike bygder i Trøndelag: frå 1882 i Verdal, frå 1886 i Melhus, og frå 1893 i Stadsbygd. Rytter skriv sjølv om si eiga oppvekst at ho «arbeidde ved strikkemaskina om vintrane og på allslags utearbeid hos bøndene om somrane». I slutten av tjueåra byrja ho å utdanne seg: Ho gjekk eit år på Voss folkehøgskule i 1913/1914, og i 1917 gjekk ho på Elen Ofstads handarbeidskule i Trondheim. Same året byrja ho å studere ved Levanger lærarskule, og ho tok eksamen her i 1919. Les mer …
Hanna Th. Flittie Foto: Ukjent Hanna Th. Flittie (fødd 7. desember 1863 på Flitti i Lesja, død 12. februar 1932) vart innvald som fyrste kvinnelege medlem i Lesja heradsstyre i 1904. Ho var dotter av Thrond T. Flittie (1815–1881) og Anne Olsdtr. f. Hauje (1823–1913),
Hanna gjekk lærarskule i Klæbu, men kom ikkje til å arbeide i skulen. Ho starta i staden med handelsverksemd, og bygde seg butikklokale ved riksvegen ovafor heimgarden, Flittibue. Attåt butikken hadde ho ein liten jordveg og eit par kyr, som ho fødde dels med høy ho tok i mot i byte med handelsvarer. Ei rekneskapsbok etter ho syner òg at ho dreiv med fehandel. Les mer …
|