Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Berje Aarbø i Norske skulefolk 1952
Foto: Ukjent fotograf

Berje Aarbø (fødd 12. november 1890 i Fitjar kommune, død 23. august 1971) var lærar, bonde, motstandsmann og mangeårig ordførar i Fitjar.

Han var son av Jens T. Aarbø og Rannveig f. Hovland. Berje Aarbø tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1914.

Som nyutdanna vart han i 1914 tilsett ved framhaldsskulen i Eigersund landsokn, før han året etter byrja som lærar i heimbygda Fitjar. Samstundes tok han òg til som bonde.

Aarbø var formann i likningsnemnda, jordstyret og skulestyret i Fitjar. Han sat som varaordførar (1926-28) før han i 1929 vart ordførar i bygda. Han hadde ombodet heilt fram til 1951. Frå 1916 var han dessutan bankrevisor.   Les mer …

Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959. Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.   Les mer …

M/S Midthordland var ein populær rutebåt i Sunnhordland i åra etter krigen og fram til 1970-talet, då bilferjene tok over.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
M/S Midthordland gjekk i ordinær trafikk som rutebåt i Bjørnafjorden og til Tysnes frå 1947 til 1962. Båten vart bygd på Stord verft som byggenummer 2, og vart sjøsett i mars 1947. Båten vart kalla opp etter det første skipet til Det Midthordlandske Dampskipselskap. M/S Midthordland var av sjøbusstypen, den første av etterkrigsgenerasjonens fjordabåtar. Båten var ein del av eit unikt samferdslesystem som i meir enn hundre år bandt Vestlandet saman.   Les mer …

Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845.   Les mer …

Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814.   Les mer …

Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).

Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.

Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar