Smakebitar fra artiklar
|
Dette biletet er frå eit av dei aller første åra etter at Tysnes gamleheim opna i 1952, og dersom det er fulltalleg tel me 16 bebuarar. Framme frå v.: Marie Hillesvik, Anna Vermedal, Torgeir Gjøvåg, Ingrid Hansen (far hennar er også med på biletet, heilt bak), Eli Håland og Jonette Hollekim. Bak frå v.: Anton Brattetveit, Jørgen Blindheim (han var frå Møre og truleg ein av dei som tidlegare hadde vore "utplassert"), Olav Vernøy (delvis skjult), Anna Leitesvik, Anna Fjellsbø, Lars Hagestad, Isak Hansen, Herborg Siglevik, John Hauge og Knut Gjerstad. Tilsette frå v.: Anna Lid (kokke), Judith Myklebust (styrar), Klara Sandsøy og Karoline Glittenberg Foto: (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.
Tysnes gamleheim var i drift frå 1952 til fram på 2000-talet, då institusjonen vart gradvis avvikla.
I åra etter krigen vaks tanken om ein heim for eldre fram i Tysnes kommune i Sunnhordland, og Tysnes Gamleheimslag vart danna. At gamleheimen skulle koma til å bli bygd på Hovland (Tysnes kommune) hadde mest med tilfeldige omstende å gjera. Det vart slik at Tysnes Gamleheimslag overtok den staselege gamle doktorbustaden som vart bygd av distriktslege Halvor Gjestland (1838-1907), som fekk skøyte i 1880. Her sette han opp ein bustad som ikkje stod tilbake for dei tradisjonelle patrisiarhusa som rikfolk i Bergen gjerne bygde som "lyststeder" utanfor byen, bortsett frå at doktorbustaden vart gjort endå større. I første høgda var det ikkje mindre enn tre stover. Ein glasveranda vart bygd på framsida, som vendte ut mot hagen. På baksida var det to inngongsdører, den eine til kjøkenet.
I 1950 fekk Tysnes Gamleheimslag skøyte på huset og eigedomen av dåverande eigar Tysnes herad, og to år seinare vart Tysnes gamleheim offisielt opna. Dei første bebuarane kunne flytta inn i heimen. Les mer …
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune. (2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der. Les mer …
Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959.
Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.
Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren. Les mer …
Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.
Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.
Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen. Les mer …
Lundo høyrer til garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. På området er det registrert fleire gravrøyser, ei hustuft og ein stein som er tolka som ein offerstein. I tillegg vart det like etter krigen funne ein laus stein med ristingar, den såkalla runesteinen frå Myklestad. Området på Myklestad, som Lundo er ein del av, vart undersøkt så tidleg som i 1888, der det vart gjort hellerfunn. Sjølve Lundo vart undersøkt på ny i 1949, like etter funnet av runesteinen, og meir grundig i 1988 - det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet ved Uggdal kyrkje, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål. Les mer …
Cecelie Vernøy (1880-1962) Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.
Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år. Les mer …
|
|
|
Sjå òg
|
|
|
Kategoriar for Tysnes kommune
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|
|