Jensine Klykken Schjelderup Jensine med mannen og dei seks borna som vaks opp. Det er truleg frå venstre Anna Elise (f. 1962), Henriette (f. 1867), Søren, Sverre (f. 1857), Jensine med Sara (f. 1869) på fanget, Petra (f. 1856) og Helga (f. 1865). Biletet er sannsynlegvis frå 1869-70. Jensine Petrine Grüner Klykken Schjelderup (fødd 28. desember 1825 i Levanger, død 15. desember 1907 i Leikanger) var prestekone. Ho var dotter av sorenskrivar Peder Klykken, og og vaks opp i ein herskapeleg heim kor datidas lokale overklasse møttes og det var mange store selskap. Då ho gifta seg med presten Søren Schjelderup vart det nok eit anna liv, først som lærarfrue i Steinkjer og så som den aller første prestefrua i det nye Hattfjelldal prestegjeld.
I Hattfjelldal måtte dei sjølv sørge for å få bygd Hattfjelldal prestegård, ny kyrkje måtte byggast og det var igså mykje anna å få på plass. Hattfjelldal var i ei overgangstid. Frå å være eit område dominert av sørsamar, gjorde innflytting og bureising at den norsktalande befolkninga var ein veksande majoritet. Søren Schjelderup var godt likt av den samiske befolkninga, og har vorte omtale som «den siste finnepresten» som ei heidersnemning. Då samar frå området kom til kyrkjevigslinga i 1869 vart det tatt eit bilete av dei og prestefamilien – her har Jensine på seg ein tradisjonell sørsamisk drakt. Les mer …
Harald Gjesdal. Foto: Asker og Bærums Budstikke 1942.
Harald Gjesdal (født 26. mai 1892 i Leikanger, død 26. mai 1974) var inkassosjef og politiker for Frisinnede Venstre. Hans arbeidsplasser som inkassosjef var O. Mustad & Søn og Margarincentralen; han var folkevalgt for tre perioder i Bærum kommunestyre og satt mellom 1943 og 1945 på Grini og Sachsenhausen. Han stilte til kommunevalg i 1928, og ble valgt inn som vara i kommunestyret den kommende perioden. Han satt så som fast medlem i tre valgperioder. Partiet var Frisinnede Venstre (seinere Frisinnede Folkeparti, FF), men ved kommunevalget i 1934 stilte de fellesliste med Nasjonal Samling, «Den nasjonale fellesliste», i Østre Bærum valgsokn. Gjesdal var listetopp, og ble innvalgt sammen med Hugo Borgen (NS) og Aashild Domaas (FF). Les mer …
Jakob Bøthun. Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag. Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866. Krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje. Les mer …
|