Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.   Les mer …

Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande.   Les mer …

Pitesamisk kvinnekofte (t.v.) og mannskofte (t.h.) ved Dållågádden i Beiarn kommune.
Foto: Olve Utne
(2017)
Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.   Les mer …

Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …

Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)
Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesamisk Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur
 
Andre artiklar
 
  1. Leem, Knud: Lexicon Lapponicum bipartitum, Lapponico-Danico-Latinum & Danico-Latino-Lapponicum. Utg. Impensis Seminarii Lapponici Fridericiani. 1768. Digital versjonNettbiblioteket.