lokalhistoriewiki.no:Hovedside

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Portal:Hovedside)
Hopp til: navigasjon, søk

Månedens dugnad

Platespiller'n på Gjøvik en travel lørdag. Inger Lise Henriksveen hjelper kundene så de får høre kutt fra de nyeste platene.
Foto: Odd Martin Hesjadalen, trolig fra 1980-tallet.
Musikk er noko dei fleste barn, unge og vaksne på ein eller annan måte brukar fritid på. Nokre har sjølvsagt også musikk som jobb. Rundt om i landet vert det arrangert ei mengd konsertar og festivalar. Det finst store og små spillestader og scener i by og bygd. Og medan publikum lyttar, er profesjonelle og frivillige i sving som musikarar, konsertarrangørar, musikkforeningar, lærarar, dirigentar, materialforvaltarar og mykje meir. Musikk er ein sosial aktivitet, og folk samskapar i til dømes band og korps. 2018 er «Musikkorpsenes år». Det er også 100 år sidan Norges Musikkorps Forbund vart stifta og 200 år sidan me fekk ordninga med militærkorps. Månadens dugnad, som denne gongen strekker seg over to månader – september og oktober – har hovudfokus på korps- og populærmusikken, men du er sjølvsagt også velkomen til å skrive om andre musikkformer.

Les meir om korleis du kan bidra.

Sjekk ut på Lokalhistoriewiki

Vet du hvem denne kvinnen er?
Bildet er trolig tatt mellom 1939 og 1949 av ukjent fotograf og er fra Nasjonalbibliotekets Mittet-samling.


Smakebiter fra artiklene

Portrett av Hulda Garborg
Foto: Gustav Borgen/Nasjonalbiblioteket
Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen. Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.   Les mer …

K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963.
Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.   Les mer …

Eilert Andreas Five. Født 23. oktober 1839 på Five i Kvam i Stod. Bonde og lærer. Stiftet Stod Ungdomslag 1873. Formann i hesteforsikringsselskapet fra 1876 til 1879.
Foto: Ukjent (Bildet er hentet fra Stod i fortid og nutid).

Lømsen hestekasse ble stiftet 3. januar 1874Rygg i Kvam, som den gang var et sogn i Stod kommune i Nordre Trondhjem amt. Foreningen gjenomlevde en serie med navneendringer grunnet flere hesteeiere fra andre sogns inntreden i foreningen på varierende tidspunkt. Det første navnet var Kvam sogns hesteforsikringsselskab.

Foreningens formål var å sikre hesteeiere av forskjellig stand og yrke mot skade på det som enten var en kapital i form av et produksjonsmiddel eller et produkt som i seg selv skulle generere kapital for hesteoppdrettere. Denne framstillinga går fra 1874 til 1965, og vi ser enorme svingninger i forsikrede objekt fra lavmålet i 1885 på 141 hester til året 1945 da foreningen omfattet hele 855 forsikrede hester.   Les mer …

Ukas artikkel

Opptoget under Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer i 1908. Karoline Skar var til stede under dette møtet.
Foto: Ukjent/Maihaugen (1908)

Karoline Skar (fødd Korsødegaard i Stange 2. mars 1850, død på Lillehammer i 1935) var veverske, bedriftseigar og lokalpolitikar på Lillehammer. Ho gjorde også ein stor innsats for husflidsrørsla der tidleg på 1900-talet. Skar var den eine av to kvinner som kom inn i bystyret i Lillehammer ved kommunevalet 1901. Den andre var Marith Tande. Dei var dermed blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra etter at kvinner hadde fått ein avgrensa stemmerett det året. Båe to representerte Det konservative parti. Karoline Skar var dotter av gardbrukarparet Anders Amundsen Korsødegaard (1825-1905) og Alis Amundsdotter fødd Oustad (1821-1873). Karoline var einaste barnet deira. Faren gifta seg opp att, og Karoline fekk ho ei halvsyster, Marie fødd 1883. Korsødegarden var ein mellomstor gard i Tangen sokn i Stange.

Karoline gifta seg med i 1880 med fargarmeister Ole Olsen Skar frå Øyer (fødd 1842), busett på Lillehammer. Dei fekk tre born (Anders, Ågot og Marie).

Både Karoline og Ole hadde gått på folkehøgskule, ho hjå Herman AnkerSagatun ved Hamar, Ole på skulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen.Les mer...

Ukas bilde

R0295 Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji (Oslo).jpg
Gurdwara (sikh-tempel) Sri Guru Nanak Dev Ji i Alnabruvn. 3 i Oslo.
Foto: Olve Utne (2010)


Om lokalhistoriewiki.no

lokalhistoriewiki.no er en fag- og forskningswiki som drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har rundt 1 million besøk i året, og vi ønsker både at leserne skal møte et best mulig produkt og at wikien skal fungere som et laboratorium. Her skal aktive brukere med et mangfold av bakgrunner få eksperimentere og prøve seg fram. Det skal også være lov å feile uten å bli hengt for det. Vi mener at alle har noe å lære av alle. Om vi er fagfolk på et område, er vi amatører på andre.

Wikien har akkurat nå 51 347 artikler og 170 871 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på Nybegynnerbrosjyren eller hjelpesidene. Ta gjerne kontakt med Norsk lokalhistorisk institutt. Du finner oss i Siste endringer og via ansattsidene våre!

Les mer...