Valet til Riksforsamlinga 1814
Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på Riksforsamlinga på Eidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.
Bakgrunn
Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.
For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.
Valordninga
Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.
I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.
Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.
Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv «aktverdige menn» frå prestegjeldet.
Valet vart ikkje gjennomført etter reglane i alle prestegjeld. I Råbyggelagets amt valde dei to valmenn frå kvart sokn; til dømes sendte Bygland prestegjeld heile åtte valmenn til amtsforsamlinga. Eit anna døme på avvik er Sund prestegjeld, der dei ikkje valde nokre valmenn. I staden gav dei fullmakt til dei tre frå amtet, utan å sjølve vere med på å velje dei.
Gjennomføring
Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars.
Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.
Nord-Noreg
I Nord-Noreg kom brev om valet for seint fram. I Nordlands amt vart det aldri gjennomført nokon amtsforsamling. Det siste valet der vart halde den 1. juli i Ofoten. I Finmarkens amt vart det halde amtsval den 1. august, og dette var reikna som val til Stortinget.
At dei heldt val så seint som i juli skuldast dels at dei ikkje visste kor lenge Riksforsamlingas forhandlingar ville vare. Så lenge det ikkje hadde kome brev om at forsamlinga var oppløyst hadde dei et håp om å få vere med.
Valkrinsar
Her følgjer ei oversikt over dei ulike valkrinsane, det vil seie prestegjeld og sokn på landet, sokn i byane og militæravdelingar. For ei oversikt over dei som vart vald, sjå den sorterbare lista over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling. For valmenn frå kvar einskild krins, sjå artikkel om valet der ein slik finst. Det er ei målsetjing å få på plass artiklar om valet i alle einskilde krinsar.
Byene
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Arendal | Arendal kirke | 11. mars | Arendal kommune |
Bergen | Stiftamtmannens gård, Bergen | 14. mars | Bergen kommune |
Domkirkens menighet i Bergen | Bergen domkirke | 11. mars | Bergen kommune |
Korskirkens menighet i Bergen | Korskirken | 11. mars | Bergen kommune |
Nykirkens menighet i Bergen | Nykirken | 11. mars | Bergen kommune |
Tyskemenigheten i Bergen | Mariakirken | 24. mars | Bergen kommune |
Akershus amt
Nordre Bergenhus amt
Søndre Bergenhus amt
Bratsberg amt
Buskeruds amt
Valkrins | Lokale | Dato | Dagens kommune/kommunar |
---|---|---|---|
Buskeruds amt | Hokksund | 30. mars | Buskerud fylke |
Eiker prestegjeld | Haug kirke | 4. mars | Nedre Eiker kommune Øvre Eiker kommune |
Flesberg prestegjeld | Flesberg kirke | 4. mars | Flesberg kommune |
Hole prestegjeld | Hole kirke | 25. februar | Hole kommune |
Hurum prestegjeld | Hurum kirke | 4. mars | Hurum kommune |
Lier prestegjeld | Frogner kirke | 25. februar | Lier kommune |
Modum prestegjeld | Modum kirke | 25. februar | Modum kommune |
Nes prestegjeld | Nes kirke | 4. mars | Nes kommune |
Norderhov prestegjeld | Norderhov kirke | 25. februar | Ringerike kommune |
Rollag prestegjeld | Rollag kirke | 4. mars | Rollag kommune Nore og Uvdal kommune |
Røyken prestegjeld | Røyken kirke | 25. februar | Røyken kommune |
Sandsvær kommune | Eftelød kirke | 4. mars | Kongsberg kommune |
Sigdal prestegjeld | Sigdal kirke | 25. februar | Sigdal kommune |
Ål prestegjeld | Ål kirke | 4. mars | Ål kommune |
Strømm sokn i Hurum prestegjeld haldt eige val til Riksforsamlinga, av di soknet låg i Jarlsberg grevskap.
Landstyrkene
Valkrins | Lokale | Dato |
---|---|---|
Akershus ridende jegerkorps | Oberstløytnant Nilsons kvarter, Christiania | 12. mars |
Akershus skarpskytterregiment | Kongsvinger festning | 17. mars |
Artilleribrigaden | Stabskvarteret, Christiania | 22. mars |
Bergenhusiske infanteriregiment | Helje i Spydeberg | 31. mars |
Kjelder
- Våre første nasjonale valg på Arkivverkets nettside
- Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll på Arkivverkets nettside
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket