Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Nordstog Glidbjørg i slåtten ein gong i 1970-åra. Bilete frå Marie Glidbjørg.

Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) ligg vestom Otra og heilt i nordenden av det gamle stavenesgardsvaldet i Bykle kommune. Såleis er det vel enklast å seia at han ligg mellom Berdalen og Stavenes. Mot nord deildar eigedomen mot Berdalen, mot vest går han til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgåi, men likevel slik at ein teig på sørsida av elva høyrer Glidbjørg til. Etter jaktkartet skal det samla gardsvaldet vera på 12 489 mål, men dette er dela på fleire bruk, og den nærare fordelinga dei imellom har me ikkje funne skikkelege oppgåver om.

Når me ovanfor har sett bruksnamnet Nordstog i parentes, er det avdi dette namnet har vore nytta om det opphavlege bruket etter at Systog vart utkløyvd i 1920.

Gardsnamnet har etter Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 11, 214) samanheng med det gamalnorske verbet glitra, som han legg ut som «glimre, glindse, skinne». Tydinga skulle då verta «Det glitrande berget», noko som passar godt, ettersom det ovanfor garden ligg eit noko høgt berg som vert kalla Glitretind. Når dette berget er vått, og får solskin på seg, glitrar det i det, og det kan snautt vera større tvil om at dette er opphavet til gardsnamnet.   Les mer …

Ryningen i andre halvparten av 1930-åra. Bilete frå Gerd Fosse Hovden.
Ryningen er den næraste garden på dette biletet av Skarg. I bakgrunnen ser ein Holen. Elveløpet vart lagd om i 1965, så biletet er teke etter det, men truleg fyre 1970. Skargjesåni grov ein heil del etter omleggjinga. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Ryningen er det austlegaste bruket i Tveiti i Bykle kommune. Av tunet syner nå berre att ei løe og nokre murar. Ryningen er truleg det yngste av bruka på garden, men også dette har nok vore fråkløyvd hovudbølet alt i høgmellomalderen. Etter Svartedauden sto det helst øyde til uti 1600-åra.

I bolken om den udela garden har me fortalt at Gunstein Ormsson sat i Ryningen frå ca 1647. I 1665 var han framleis her, og vert då sagt å ha vore 55 år. Me set opp fødselsåret hans etter denne oppgåva, sjølvsagt med alle dei vanlege atterhalda.

  • Gunstein Ormsson Tveiten, f ca 1611, utflytt til Skafså fyre 1673
g m Birgit Knutsdtr. Haugehåtveit, n 1673. Born, iallfall:
  • Åsmund, g ca 1689 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, n 1711, sjå nedanfor
  • Gunhild (e.), g m Åvold, sjå nedanfor
  • ?Gunhild (y.), d ca 1743, g m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Neire Mosdøl, bnr 2 og 3
  • Gunnulv, f ca 1658, n 1666 - 1711, ug(?), sjå nedanfor
  • Mikkel, f ca 1662, n 1666, seinare lagnad ukj.
  • Svein, f ca 1668, g m Bille? (= Birgit?), d 1731, sjå nedanfor, jfr. Attistog Gjerden, bnr 1
Birgit Knutsdotter var frå Haugehåtveit i Mo, Telemark. Foreldra hennes heitte Knut Knutsson og Mari Jonsdotter, fødd Bjåland.   Les mer …

Glidbjørg 1965, Systog til høgre. Stoga frå 1943 brann i 1978. Olav S. Glidbjørg døydde som fylgje av denne brannen.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Systog Glidbjørg i Bykle kommune kom til i 1920, då Olav Sigbjørnsson kaupte ein parsell av Glidbjørg hjå broren Hallvard, og sette i gang med bureising i sørenden av Glidbjørgeigedomen. Dette bureisingsbruket, som fekk bnr 13 og ei skyld på 5 øre, vart kalla Systog, medan bnr 11 sidan vart heitande Nordstog. Systog vart i 1953 oppgjeve til å ha 31 mål dyrka jord og 50 mål produktiv skog.

Olav braut opp alle dei godt og vel 30 måla med jorde med handmakt, forutan å byggje mykje hus. Dei fyrste husa han hadde bygt på bruket vart etter kvart for små, så i 1940 sette han opp ny uthusbygning, og i 1943 fylgde den nye bustadbygningen, ei setesdalsstoge i 1 1/2 høgde med ei grunnflate på 13 x 6 m. Etter Norges Bebyggelse var buskapen på bruket i 1953 på 1 hest, 5 kyr, 5 kalvar, 5 sauer og 23 geiter.

På bakgrunn av innsatsen sin på bruket vart Olav i 1951 tildela Ny Jords diplom for bureisarar.   Les mer …

Stoge og løe i Neire Haugen 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Neire Haugen i Bykle ligg mellom Evre Haugen og Hagen og i breidd med desse. Ved matrikuleringa, som var i 1919, vart det karakterisert som fylgjer: «Parcellen er bare et stykke indmark, og har i længere tid været beboet, og er opdyrket for længe siden.»

Den fyrste me kan vita budde her var Sveinung Knutsson Guggedal frå Suldal. I folketeljinga frå 1875 heiter det at han var fødd i 1847, og det same står i den gamle gards- og ættesoga for Bykle (146). Dette årstalet er likevel gale, ser det ut til, for då han gifte seg i i Bykle i 1874, gav han opp at han var fødd i 1838, og det fødselsåret står også i Suldalsboka, som tvillaust byggjer på kyrkjeboka frå den bygda. Far åt Sveinung var frå Kviteseid i Telemark og heitte Knut Tjøstovsson, medan mora heitte Ingrid Johannesdotter, og var frå Bråtveit i Suldal. Desse folka budde på plassen Smeavika under Guggedal, som tykkjest ha fått namnet sitt av at Knut Tjøstovsson var smed (jfr. H. M. Hoftun: Gamle Suldal, 565).   Les mer …

Bykle hotell i 1980-åra. Det kvite bygget på hitsida av vegen er hotellannekset. Ovanfor hotellet ser ein Samyrkelaget, slik det såg ut fyre brannen i 1986. Husa i framgrunnen er Lislestog. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

Bykle hotell sto på tomta Solhaug i Bykle. Når det gjeld namnet her, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at hotelltomta heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet (bnr 25). Det er berrsynt at det her på eitt eller anna nivå har gått fyre seg ei forveksling av namna på dei to grannetomtene, men her skal me i alle høve halde fast ved den innarbeidde namnebruken i bygda.

Hotellet låg like ovanfor kyrkja, rett nedanfor der Bykle Samyrkelag ligg i dag. Det var Thina Lund som kaupte denne tomta hjå Gunvor D. Mosdøl på Kultro i 1908, og fekk seg opp hus same året (skøyte vart skrive og tinglyst i 1910). Det Thina i utgangspunktet esla seg til å drive med var landhandel, men så vart altså kråmbua hennes sidan av uti hotell.

Thina var dotter åt lensmann Ole Juelsson Lund i Valle, og kona, Heloise Margrethe Johanne, fødd Sverdrup (jfr. Valle IV, 550). Etter at Thina hadde sett opp hus her, gifte ho seg med Ånund J. Bratteli.   Les mer …

Den kommunale badestoga frå andre halvparten av 1940-åra står omlag på same tomta som Hytta.
Foto: Aanund Olsnes
(2006)

Hytta var ei hustuft med litt jord innåt, som låg litt ovanfor Listog i Bykle.

Denne verestaden vart bortsett som plass under Innistog ein gong mot slutten av 1860-åra. Me veit berre om ein familie som har budd her, og dei var her berre til noko etter 1890. Etter krigen vart det oppsett ei kommunal badestoge her. Denne står framleis.

Dei som budde her var Dreng Torleivsson Åsen, kona, Sigrid Olavsdotter, fødd Mosdøl, og dottera, Tore. Dreng var frå Åsen Hoslemo, og han og huslyden hans hadde budd på det bruket i 15-16 år fyre dei laut derifrå i 1864 eller 1865. Hovudomtalen av dei er plassert i bolken om det bruket, men her lyt nemnast at dei etter tida i Åsen fyrst var eit bil på plassen Skadden under Mosdøl, inntil dei flutte hit. Vidare tek me med det me veit om dei etter at dei busette seg her.

I gardsarkivet i Innistog ligg ei husmannskontrakt om Hytta. Denne er skrive i 1873, og då hadde Dreng alt hadde budd her i fleire år. I kontrakta er det Tore Drengsdotter som får bygsla plassen, i staden for faren. Kontrakta er vitnefast underskrive, og ber alle teikn på å vera gyldig, men tinglyst vart ho aldri.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest