Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Støylo 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Støylo i Bykle kommune har tunet sitt oppi bakkane vestom Strandestøyl og nordom Storstein. Eigedomen vart formelt utskilt frå Systog Trydal så seint som i 1919, då Tarjei Olsson Trydal skreiv skøyte til den yngre broren Ånund, men bruket var etablert som plass ei god tid fyre dette.

Dei fyrste me veit om budde her er oppskrivne i 1865-folketeljinga som fylgjer:

Thoræ Olsdatter Pige med Plads ug 52
Berget Olsdatter do ug 47
Aldersoppgåvene i folketeljinga tykkjest så rette som ein kan vente, ettersom Tore var fødd 1814 og Birgit i 1820. Ugifte jenter med sin eigen husmannsplass var ikkje særleg vanlege, korkje i Bykle eller andre stader, men når ein finn døme på det, kan ein vera tolleg sikker på at det dreiar seg om gardmannsdøtrer som, heller enn å verta gåande som tenestejenter for bror sin, har fått seg plass som erveoppgjer. Såleis også her: Tore og Birgit var døtrene av Olav Tarjeisson i Systog og kona, Eli Åsmundsdtr.. Då foreldra utpå 1840-talet overlet bruket sitt til eldstesonen og sjølve tok foddog, fekk dei to ugifte døtrene bygsle Støylo på livetida.   Les mer …

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Lii 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Lii ligg heilt på kanten av Gunhildsdjuvet ned mot Otra i Bykle. På vestsida grensar det mot Storemyr, i nord mot Innistog og Kosi, og på austsida er Haugebakk næraste grannen.

I den gamle gards- og ættesoga (133) les me at «Arne [Knutsson Byklum] kjøpte bruket frå Utestog i 1876. Dette er fyrste opphavet til Lii.» Det er rett at Arne Knutsson Byklum kaupte bruket av Utistog, men det var ikkje i 1876, og han var heller ikkje den fyrste som budde her. Opphavet til bruket var at Ånund Eivindsson Stavenes og familien hans sette seg ned som husmannsfolk her, og dette var i 1875.

Ånund Eivindsson Stavenes og Birgit Oddsdotter Byklum

Ånund var son åt Eivind Ånundsson Stavenes i Stigamidjom, gnr 17, bnr 20, og kona, Åse Tarjeisdotter. I den gamle boka (145) er Ånund og familien å finne under «Kosi, gnr 14, bnr 15». Nå er Kosi bnr 28, ikkje bnr 15, men det er heilt rett at Ånund også var den fyrste ein kan vita budde på den plassen. Men ettersom han var i Lii fyre han flutte til Kosi, har me valt å omtale han her. Etter dei namnereglane me har freista å fylgje i det meste av denne boka skulle Ånund ha vorte kalla Ånund E. Stigamidjom, men ettersom han heile livet nytta etternamnet Stavenes, skal me gjera det same:

  • Ånund Eivindsson Stavenes, f 1830, d 1903
g 1857 m Birgit Oddsdtr. Byklum, f 1833, d 1891.   Les mer …

Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.   Les mer …

Nordheim 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Nordheim ligg på austsida av riksvegen ved Berdalsbru i Bykle kommune, på venstresida av vegen opp mot Berdalen. Bruket vart utskilt frå Hagen med eit areal på 5 mål og ei landskyld på 1 øre i 1953, men då hadde Bjørgulv Ørnefjødd og kona hans, som bygde og budde på denne staden, alt vore her i fleire år.

Bjørgulv var son åt Tone Bjørgulvsdotter Ørnefjødd. Faren var enkemannen Andreas Eliassen. Denne Andreas var ein av samane som var innom i Bykle ei stund på 1890-talet. Då Bjørgulv vart fødd, vart Andreas notert med adresse Jeiskeli, så me reknar med at han har vore reingjetar for Anders Renander, som hadde det bruket på den tid. I Bykle kultursoge (1993, 50-51), er det fortalt ikkje så lite om slekta åt Andreas.

  Les mer …

I dag er Hagen så tilgrodd med skog, at det er vrangt å få eit brukeleg bilete av tunet. I staden set me difor inn eit utsyn frå Hagen mot Vatnedalsdammen. Taka i Hagen er såvidt synlege i underkant av biletet.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)

Hagen, som er det neste i rudningsrekkja i Berdalen etter Der uppe og Der nede, er den nedarste eininga. Når ein har køyrt opp bakkane frå Berdalsbru er altså tunet her det fyrste ein kjem til. Opphavleg var bruket husmannsplass under Der uppe, men det vart tidleg sjølveigarbruk.

Bruksnamnet er det gamalnorske hagi, m, i tydinga «Jordstykke som er udlagt til Havnegang eller Græsgang for Feet» (Fritzner, J.: Ordbog over det gamle norske Sprog, I, 1886, 689a). Olav Haslemo (h.oppgv. norsk 1968, 171) peikar på at ordet ikkje er vanleg i denne tydinga i målføret, og dette meiner me er eigna til å styrke ein tanke om at namnet ikkje er særleg gamalt, og berre vart hangande ved bruket etter at ein røldøl som skreiv seg med etternamnet Hagen flutte hit i 1837. Me kjem attende til den mannen, men fyrst lyt me sjå på ei rekkje med eldre oppsitjarar.

Dei fyrste me kan vita budde her er Søren Aslaksson Mosdøl og Gunhild, andre kona hans, og desse meiner me kom hit kring 1750. Søren hadde vore foddogsmann i Mosdøl, bnr 3, då han vart enkemann i 1744. Men då han noko seinare gifte seg omatt med Gunhild, vart det til at dei flutte hit, og vart husmannsfolk. Nokre år etter dette att, kring 1760, flutte dottera Gunvor og Svenke Alvsson, mannen hennes, i hop med Søren og Gunhild.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar